Paratuberkulose

Paratuberkulose (også kalla Johne´s disease), er ein kronisk bakteriell tarminfeksjon hos mellom anna storfe, sau, geit, kameldyr og ei rekke ville drøvtyggjarar.

Paratuberkulose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om paratuberkulose skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til paratuberkulose er ein infeksjon med bakterien Mycobacterium avium subsp. paratuberculosis (MAP), ein liten syrefast stavbakterie. Bakterien finst ujamt fordelt i avføring frå smitta dyr og er vanskeleg å dyrka i laboratoriet.

Bakterien er svært motstandsdyktig, overlever 8-9 månader i gjødsel, og infiserte beiter kan vera smittefarlege i eitt til to år.

Bakterien overlever også pasteurisering av mjølk, sjølv om talet på bakteriar blir sterkt redusert. Bakterien kan også overleva produksjonen av kvitost, men fordi den ikkje tåler langvarig koking overlever den ikkje i brunostproduksjonen. Bakterien er også funnen i drikkevatn.

Smitten blir overført gjennom inntak av fôr og vatn som er ureina med bakteriar frå avføring. Det utgjer derfor ein risiko for å innføre bakterien og smitte norske dyr når ein importerer grovfôr. Mjølk kan også innehalda bakteriar og dyr kan bli smitta via slik mjølk. Unge dyr er mest mottakelege for smitte, spesielt i første levemånad. Epidemiologisk gransking i Noreg viser at sjukdommen smittar mellom storfe, sau og geit.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Paratuberkulose er ein kronisk, snikande sjukdom som har ei inkubasjonstid på frå eitt til ti år. Hos storfe ser ein dei fleste tilfella ved 3-5 års alder. Første teikn til sjukdom er nedgang i mjølkeproduksjonen. Etter kvart utviklar dyra diaré som ikkje let seg behandla. Matlysta er normal. Etter kvart blir nedgangen i mjølkeproduksjon dramatisk, dyret magrar sterkt av og stryk til slutt med.

Småfe og kameldyr utviklar sjeldan diaré. Ofte er kronisk avmagring det einaste symptomet. Symptoma ved paratuberkulose er dei same som ved mange andre sjukdommar, og difor trengst undersøking i laboratorium for å stilla korrekt diagnose.

Bakterien er også isolert frå menneske med Crohns sjukdom, ein kronisk tarmbetennelse. Internasjonale forskargrupper arbeider for å avklara ein eventuell samanheng mellom M. avium subsp. paratuberculosis og Crohns sjukdom.

Diagnostikk
Først etter at dyret har vore smitta i fleire år produserer det antistoff, skil ut bakteriar i avføringa og utviklar synlege endringar i tarm og lymfeknutar. Cellebunden immunitet derimot utviklar seg relativt raskt, og metodar baserte på denne (gamma-interferon test) er blitt nytta i tidlege fasar av sjukdommen.

Ein kan undersøkja blodprøver for førekomst av antistoff mot bakterien, men andre mykobakteriar i miljøet som dyra har vore utsette for, kan gi til falske positive resultat.

Ved bakteriologisk gransking tek det minst 8 veker før veksten er synleg, og minst 16 veker før ein kan seia at det ikkje veks bakteriar frå prøven. Bakteriologisk dyrking er difor ein tidkrevjande metode, men metoden gir ikkje falske positive resultat. Ulempa er at smitta dyr som oftast ikkje skil ut bakteriar før dei er minst 2 år gamle, og at utskiljinga kan variera over tid.

Arvestoff frå bakterien kan påvisast med genteknologiske metodar (PCR). Dette er ein raskare metode for påvising enn dyrking, og metoden er meir følsam.

Førekomst

I Noreg er paratuberkulose svært sjeldan. I 2014 blei bakterien for første gong påvist hos alpakka. Siste påvisning på sau var i 2008, på geit og storfe i 2015.

MAP kan vera årsak til sjukdom hos alle tamme og ville drøvtyggjarar, og hos kameldyr. Kanin kan utvikla sjukdom under naturlege forhold, og bakterien er påvist hos ei rekkje andre dyreartar og menneske.

Paratuberkulose finst i dei fleste landa i verda, og i Europa har sjukdomsproblema auka i dei siste tiåra. I Danmark reknar ein med at ca. 50 % av mjølkebuskapane er infiserte, mens Sverige, Finland og Noreg er tilnærma frie for sjukdommen på storfe.

Infeksjonen er påvist sporadisk hos storfe og sau i Noreg. Tidlegare var sjukdommen relativt utbreidd hos geit i vestlandsfylka, frå Rogaland til Møre og Romsdal. I dei seinare åra har arbeidet i saneringsprosjektet Friskare geiter redusert sjukdommen i mange område og ført til at sjukdommen nå er uvanleg hos geit også.

Overvåking

Det finst eit nasjonalt overvakings- og kontrollprogram for paratuberkulose i regi av Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

Gå til overvåkningsprogrammet.

Tiltak

Paratuberkulose er ein liste 2-sjukdom. Sjukdommen er vanskeleg å påvisa i tidlege stadium, noko som gjer sjukdomskampen vanskeleg.

Det finst inga behandling mot paratuberkulose. Sjukdomskampen må difor basera seg på førebyggande tiltak.

Sjukdommen kjem ofte inn i ein buskap ved innkjøp av dyr. Det er difor viktig å identifisera og isolera smitta buskapar.

Det er viktig å hindra smitteoverføring til ungdyra ved å isolera dei frå mogleg smitta dyr straks etter fødselen.

Tidlegare vaksinerte ein geitene for å redusera dei kliniske problema ved sjukdommen, men infeksjonen blir ikkje borte ved vaksinering fordi enkelte individ held fram med å skilja ut bakteriar.

Saneringsprosjektet "Friskare geiter" som vart sett i verk frå 2001 til 2014, sanerte den norske geitepopulasjonen for fleire sjukdommar, inkludert paratuberkulose. Ved avslutninga i 2014 fanst det berre ein geitebuskap igjen i Noreg med kjent førekomst av paratuberkulose. Denne besetningen sluttet senere med geitehold. Per 2021 er ingen norske besetninger båndlagt for paratuberkulose.