Hjarte og skjelettmuskelbetennelse

Hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB) er ein smittsam virussjukdom hos oppdrettslaks. 

Regnbogeaure i oppdrett kan få ein liknande sjukdom.

Smittestoff og smittevegar

Sjukdommen HSMB dukka opp i lakseoppdrett i Noreg i 1999. I 2010 blei eit reovirus, Piscine orthoreovirus (PRV) funne i vev frå HSMB-sjuk laks. Dette er eit nake virus med segmentert, dobbelttråda RNA som arvestoff. Viruset er svært utbreidd og finst hos frisk oppdrettslaks, vill-laks, regnbogeaure og sjøaure. Det finst fleire variantar av viruset, der den man finn i laks er PRV-1, medan varianten som har vore påvist på aure kallast PRV-3. Varianten PRV-2 er ikkje funne i Noreg.  Desse virusa er omkring 80-90% like.

Sjukdommen HSMB er til nå berre påvist hos oppdrettslaks og er assosiert med store mengder PRV-1 i hjartet på fisken. I 2014 blei det vist i forsøk i at PRV også infiserer dei raude blodcellene i fisken før viruset overførast til hjarte og muskel. I blod kan virusets RNA-genom påvisast i lang tid før og etter sjukdom, og ofte heilt fram til slakt. I regnbogeaure infisert med PRV-3 kan infeksjonen lede til at mengda raude blodceller minkar (anemi), men i laks er det berre milde teikn til det i nokre tilfelle.

Sjukdommen overførast ved vasskontakt mellom smitta og ikkje-smitta laks. Smitte skjer mest i perioden før hjartebetennelsen utviklar seg, men viruset kan mulegvis smitte i ettertid. Fisk kan bli frisk av hjartebetennelsen men innehalda PRV livet ut etter eit sjukdomsutbrot.

Man finn PRV i opp mot 90 % av oppdrettsfisken i sjøfasen i Noreg. Nyare forsking viser at det truleg finst stor utveksling av PRV mellom oppdretta og vill laksefisk. Vill laks ser ikkje ut til å bli sjuk av viruset.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

HSMB i laks gir betennelse og celledød i hjartet. Slike skadar kan oppstå utan at man ser klinisk sjukdom, og kan være der før og etter sjukdomsutbrotet. Fisken kan også ha betennelse i skjelettmuskulatur.

Det er typisk at cellelaga på utsida av hjarta (epikardet) er fortjukka på grunn av betennelsesceller. Også cellelaget som dekker innsida av hjarta (endokardet) kan være fortjukka (hypertrofi). I det kompakte og spongiøse laget av hjartemuskulaturen er det tydeleg infiltrasjon av betennelsesceller, og delar av muskelfibrane er daude. Tilsvarande endringar kan ein sjå i den raude (mørke) skjelettmuskulaturen. I eit utbrot kan fisk med HSMB nokre gonger ha partivis celledød i levervevet, ødematøse drag i miltvevet og sirkulasjonssvikt med opphoping av blod i kar i fleire organ.

Laksen kan ha store skadar i hjarta utan å visa ytre sjukdomsteikn, men ved sjukdomsutbrot med auka dødelegheit i oppdrettsanlegget er betennelsen vanlegvis omfattande. Tapa i affiserte merdar kan variera frå ubetydelege til ca. 20 %. Det er vist at lave oksygennivå i vatnet under infeksjon kan lede til mindre toleranse for sjukdommen.

Obduksjonsfunn ved HSMB tyder på sirkulasjonssvikt. Blodkoagel i hjartehola er ikkje uvanleg, og nokre gonger kan sjølve hjarta vera bleikt. Fisken kan ha veske i bukhola (ascites), gulaktig eller blodfylt lever, svullen milt og punktforma blodopphopingar i feittvevet.

Diagnostikk
Ein stiller sjukdomsdiagnosen ved lysmikroskopi av vevsprøvar (histopatologi).Ved denne metoden diagnostiserar ein HSMB ved å påvise den karakteristisk betennelsen i hjarta, eventuelt også i den raude (mørke) skjelettmuskulaturen. Det var grunnlaget for sjukdomsnamnet då sjukdommen blei oppdaga.

Det er vanleg å nytte ein PCR-metode for påvising av PRV. Det er også laga fleire antistoff mot viruset. Desse er tekne i bruk til å påvise viruset ved farging i skadd vev.

Førekomst

HSMB blei først oppdaga i 1999, og er sidan vore funne ved sjukdomsutbrot i mange oppdrettsanlegg langs heile den norske kysten. Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag har vore kjerneområda for sjukdommen tidlegare. Sidan 2007 har det også vore mange HSMB-utbrot i Nord-Noreg. HSMB var fram til 2014 ein sjukdom som skulle rapporterast til Veterinærinstituttet, men kravet er no fjerna. Difor registrerast ikkje lenger alle tilfella av sjukdom, men det er ikkje teikn til at HSMB har vore eit minkande problem.

Til no har HSMB mest blitt diagnostisert i Noreg, men også Skottland, Irland og Chile har sjukdommen. Viruset er funne i dei fleste land som driv lakseoppdrett, men i mange tilfelle utan sjukdom.

Fisk som får HSMB-diagnose er oftast i sitt første år i sjøvassfasen. Det er også mange tilfelle med sjukdom i setjefiskanlegg, og problemet ser ut til å være aukande.

Hjartesjukdom og anemi i regnbogeaure med PRV-3 ble oppdaga i setjefiskanlegg i 2014. Denne sjukdommen har ikkje vore rekna som eit større problem i Noreg sida den tid, men man finn PRV-3 i regnbogeaure i oppdrett og i vill sjøaure. Viruset har også vore rapportert funne i regnbogeaure i oppdrett i fleire andre land i Europa. Heller ikkje for denne sjukdommen er det krav om rapportering til Veterinærinstituttet, så det kan ha vore tilfelle som ikkje er registrert.

Tiltak

Det finst inga standard behandling mot HSMB, men med rett handtering kan tap reduserast. Eit av dei viktigaste førebyggjande tiltaka for å redusera tap er å unngå å stresse fisken når den er svekka pga. HSMB. Det kan gi utfordringar i samband med kamp mot lakselus og andre driftsrutinar.

Forsking har vist at risikoen for HSMB stig når det er auka infeksjonspress i området, og at stor biomasse på lokaliteten gir auka risiko. Forsking tyder også på at type feitt i fôret betyr noko for kor alvorleg hjartebetennelse fisken får. Det er avla fram laks som skal være betre beskytta mot HSMB, og det produserast spesialfôr som skal beskytte mot sjukdommen. Så langt har man ikkje sett at desse tiltaka har bremsa utbrot av HSMB i Noreg.

Det finst ikkje vaksine på marknaden, men fleire vaksiner har vore testa i eksperiment. Dei har vore rapportert å delvis beskytte mot sjukdom utan å fjerne viruset. Vaksine laga av heile viruset er vanskeleg å produsere sidan PRV er eit virus som ikkje let seg dyrke i vanleg cellekultur.