Hesteinfluensa

Hesteinfluensa er ein svært smittsam og akutt virussjukdom som angrip luftvegane.

Hestar som ikkje er vaksinerte kan bli svært sjuke, og sjukdommen kan føra til dødsfall, særleg for føl og svekka individ. Sjukdommen smittar ikkje til menneske.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til hesteinfluensa er eit influensavirus type A som høyrer til i familien Ortomyxoviridae. Det finst to typar virus som er årsak til sjukdom på hest, equi1/H7N7 og equi2/H3N8. Influensavirus A/equi1/H7N7 er ikkje påvist i verden på fleire tiår og kan reknast som utrydda. Influensavirus endrer seg lett til undertyper som omgår immunitet mot tidlegare undertyper.

Hesteinfluensa gir sjukdom på hest og esel. Den er svært smittsam og har ei inkubasjonstid på 1-3 dagar. Virus formeirer seg i dei nedre luftvegane. Ved hoste blir store mengder virus sett fri. Desse blir spreidde med dråper (aerosol) som blir inhalert.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Virustype og immunstatus hos dyret avgjer kor alvorleg sjukdommen blir. I uvaksinerte populasjonar blir ofte alle hestar sjuke og får kraftigare symptomer.

Første sjukdomsteikn er feber som kan gå opp til 41 °C og som varer i 4-5 dagar. Etter feber i opp til 2 dagar følgjer djup og tørr hoste. Hesten blir slapp og mister matlysta. Muskelsmerter er vanleg. Ofte renn serøst til mucopurulent utflod frå nase og eventuelt auge. Dei submandibulære lymfeknutane er ofte forstørra, og dyret kan ha ødem i beina.

Sjukdommen går oftast over etter 7-10 dagar. Det er rapportert om sekundære bakterieinfeksjonar og andre komplikasjonar som bronkitt, brokiolitt, interstitiell pneumoni og alveolært ødem, laryngitt, trakeitt og myokarditt.

Diagnostikk

Auke i antistoff (parprøve) kan målast i serum (fullblod) med hemagglutinasjonsinhibisjonstest. Ein kan påvisa virus direkte i nasesvaber ved PCR, men dette blir ikkje gjort ved Veterinærinstituttet.


Førekomst

Virus finst enzootisk i Nord-Amerika og Europa inkludert Noreg, og rutinemessig vaksinasjon er vanleg.

Tiltak

Hesteinfluensa er ein liste 3-sjukdom. Veterinærar bør rapportera nye utbrot straks til Mattilsynet. Sjuke hestar bør isolerast, og temperaturen på andre hestar på stallen bør målast to gonger dagleg. Røktarar og hestar bør unngå kontakt med hestar frå andre stallar.

Ein kan setja i gang symptomatisk behandling. Det er viktig at hestane får ein lang rekonvalesens og at dei blir skåna for fysiske påkjenningar dei fyrste vekene etter at influensaen er over.

I Noreg er det vanleg å vaksinera mot hesteinfluensa, og dokumentasjon på oppdatert vaksinasjon må visast ved dei fleste hestestemner. Vaksinen beskyttar mot begge virusvariantane (influensavirus A/equi 1 og A/equi 2). Føl kan vaksinerast frå 5-6 månaders alder dersom mora er vaksinert og frå 3 månaders alder dersom mora ikkje er vaksinert. Grunnvaksinering krev tre doser. Det skal gå 21-60 dagar mellom fyrste og andre vaksinedose. Ein tredje boosterdose skal gis 4-6 månader etter andre vaksinedose for å gi god immunitet.

Etter grunnvaksineringa bør ein revaksinera årleg. Vaksinen gir ikkje fullt vern, og ved sjukdomsutbrot bør ein revaksinera dersom det er meir enn 3-4 månader sidan siste vaksinering. Berre friske hestar skal vaksinerast, og hesten bør skånast for fysiske påkjenningar både på vaksinasjonsdagen og i den etterfølgjande veka. Drektige hopper skal ikkje vaksinerast i siste trimester.