Giardia duodenalis

Giardia duodenalis er ein eincella parasitt som kan vera årsak til mage-tarm sjukdom (giardiose eller giardiasis) hos dyr og menneske.

 Dyr kan ha nokre av dei same typane Giardia som menneske har, men dei aller fleste tilfelle hos menneske stammar frå andre menneske.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til sjukdommen er den eincella parasitten Giardia duodenalis. (synonym G. intestinalis og G. lamblia). Parasittane blir skilde ut frå tarmen, i hovudsak som smittsame cystar.

Giardia kan spreiast direkte mellom menneske, frå dyr til menneske eller til vasskjelder via ureining med gjødsel og kloakk.

Fleire typar av Giardia er funne både hos dyr (husdyr, hundar, kattar, gnagarar og andre ville dyr) og menneske. Mange dyreartar har sine eigne typar Giardia som i lita grad smittar til menneske.

Giardia-cystane er hardføre og kan overleva i vatn og miljø i fleire månader under gunstige tilhøve. I vatn tåler dei klorering, men ikkje UV- eller ozonbehandling. Dei blir også drepne av koking og uttørking. Parasittane kan ikkje oppformeira seg utanfor tarmen (i vatn eller i miljøet).

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Hos mange dyreartar  gir ikkje parasitten symptom, mens hund og katt til dømes kan få diaré og andre symptom på tarminfeksjon, som slimete avføring og buksmerter.

Menneske kan i mange tilfelle vera symptomfrie, men dei kan også ha symptom som akutt diaré med magesmerter og illeluktande oppstøyt av luft, langvarige infeksjonar med periodevis diaré, luft i magen og vekttap. Truleg har 5-10 % av dei smitta plager etter behandling sjølv om parasittane ikkje kan påvisast i avføringsprøve.

Utan behandling kan sjukdommen føra til at menneske blir berarar av parasitten i lengre tid. Inkubasjonstida er frå 5 til 25 dagar, til vanleg 7-10 dagar. Personar med svekka immunforsvar kan utvikla kraftige symptom. Smittedosen er låg. Så lite som 10 cyster kan gi infeksjon, men ikkje alle som blir smitta blir sjuke.

Menneske blir oftast smitta frå ureina vatn, sjeldnare frå matvarer. Smitte frå menneske til menneske er ikkje uvanleg, til dømes innan familiar. Det finst fleire effektive medikament til behandling av sjukdommen. Les meir om giardiose hos menneske hos Nasjonalt folkehelseinstitutt: www.fhi.no

Diagnostikk

Giardia cyster eller antigen kan påvisast ved undersøking av avføring eller vatn. Molekylærbiologiske metodar kan brukast for å bestemma artar.

 

Førekomst

Norske undersøkingar har vist at Giardia finst vanleg hos mange dyreartar (storfe, småfe, hund, ville hjortedyr, raudrev).

Overflatevatn er ei vanleg drikkevasskjelde i Noreg, og i ein norsk studie frå 2000 blei Giardia funnen i ubehandla råvatn frå 18 % av drikkevasskjeldene. Mange norske vassverk har ikkje reinseanlegg som er i stand til å fjerna parasittane frå drikkevatnet

Parasittane er svært utbreidde – både hos menneske og dyr – over heile verda, men dei er vanlegast i varme strok. Ein reknar med at meir enn 200 millionar tilfelle finst hos menneske årleg.

Hos menneske er parasitten årsak til ei rekkje sjukdomsutbrot i vestlege industriland årleg. I 2004 var det eit utbrot i Bergen etter ureining av ei drikkevasskjelde.

 

 

Tiltak

Regelmessige systematiske undersøkingar av dyr for Giardia blir ikkje gjennomført her i landet, men parasitten blir ofte funnen i avføringsprøver frå dyr.

Ein bør koka drikkevatnet i område der parasittane finst i vasskjelda. Det er viktig med gode hygienerutinar ved matlaging og ved toalettbesøk. Det er også viktig med god hygiene ved handtering av dyr.

Forskningsprosjekter