Fjørmidd (Megninia spp.)

Fjørmidd er ein type midd som kan gi sjukdom hos mange fugleartar, inkludert høns, kalkun, duer, ender og sporvefuglar. Sjukdommen er berre påvist ein gang i Noreg.

Det er beskrive meir enn 25 artar av fjørmidd på domestiserte fjørfe, men samanlikna med Dermanyssus gallinae (raud hønsemidd) og Ornithonyssus sylviarum (Northern fowl mite) betyr fjørmidd lite i kommersiell fjørfeindustri.

Smittestoff og smittevegar

Det finst meir enn 2000 artar av fjørmidd. Dei er morfologisk svært ulike og dei fleste er vertsspesifikke. Dei er mindre enn både lus og raud hønsemidd (0,35-0,50 mm), og det er eit tydeleg skilje mellom hann- og homidd.

Hos hønsefuglar er Megninia cubitalis og Megninia ginglymura mest vanlege.

Fjørmidd lever heile livet sitt på verten. Dei legg egg på fjørene, og både juvenile og vaksne midd lever og et på fjørdrakta. Fjørmidd utviklar seg i fleire stadium, frå egg til vaksen via larve- og to nymfestadium.

Smitte skjer i hovudsak ved direkte kontakt mellom fuglar der nymfer vandrar over til ny vert. Ulikt raud hønsemidd så finn ein skjelden fjørmidd i miljøet utanfor verten. Smitte via menneske, utstyr og avfall reknast for å vera lite sannsynleg.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Fjørmidd gir ofte ingen symptom men ved kraftige angrep kan ein sjå kliniske symptom. Då kan sjukdommen få store økonomiske og dyrevelferdsmessige konsekvensar.

Symptom er kløe, fjørplukking, dermatitt, underernæring, og nedgang i eggproduksjonen på opptil 20 %.

Fjørmidd kan identifiserast ved undersøking med mikroskop.

Førekomst

Fjørmidd blei påvist for fyrste gong i Noreg hausten 2015, på ein sultanhane i samband med obduksjon. Hanen kom frå ein hobbyhøneflokk og var nyss innkjøpt. Dette har så langt vore det einaste funnet av fjørmidd i Noreg.

Megninia er påvist hos fjørfe i mellom anna  Europa, Australia, Nord-, Mellom- og Sør-Amerika og Afrika.

Det finst også publikasjonar om infeksjon med Megninia spp. hos ville fuglar som bobwhite quail (USA), hokkoer (Brasil og Trinidad), perlehøns (Nigeria) og fasanar (Nebraska), men ingen av desse artiklane peikar på at parasitten betyr noko for kommersielt fjørfehald.

I ei undersøking av endo- og ektoparasittar hos hobbyhøns i Sverige i 2004 fann ein Megninia ginglymura/Megninia spp. Det er ikkje rapportert om påvising av parasitten i andre nordiske land.

Tiltak

Sjukdommen er ikkje meldepliktig i Noreg.

Megninia spp. smittar berre ved direkte kontakt mellom fuglar, og det er difor lite truleg at parasitten blir overført frå hobbyhønsehald til kommersielt fjørfehald. Fjørfehaldet i Sverige liknar på vårt, og det er ikkje rapportert om smitte til kommersielle flokkar der.

Det ser ikkje ut til at ville fuglar er eit trugsmål mot kommersielle flokkar dersom ein kan hindra direkte kontakt mellom vill og domestisert fugl. Frittgåande flokkar med verpehøns som blir haldne utadørs er utsette for å få overført sjukdommar, både frå hobbyhønsehald og frå ville fuglar.

Det er viktig å kontrollera livdyr for ektoparasittar ved kjøp og sal.

Megninia spp. er ein liten (ca. 0,5 mm lang) gråaktig kvit fjørmidd. Ein ser midden som støv/flass på fjørene. Ved å rufsa på fjørene over eit mørkt underlag vil støv som rører seg på underlaget vera teikn på infeksjon med Megninia spp.

Behandling

Alle dyr i flokken må behandlast med ektoparasittmiddel. I litteraturen går det fram at acaricid (pyretrin, triklorfon, diklorvos, ivermectin, selamectin) har effekt mot midden.

Dyrerommet må i tillegg reingjerast grundig reint med varmt vatn og såpe, særleg vagl og reirkassar. Før vasking må gammalt strø og reirmateriale fjernast saman med anna laust materiale og skit. Avslutt gjerne denne grovreingjeringa med støvsuging.

Etter reingjering skal huset behandlast med acaricide midlar (i litteraturen er pyretroid, fosforsyreester og karbamat oppgitt å ha effekt). Huset/rommet må så stå lukka ei stund etter behandlinga, til dømes 1-2 dagar, før hønene blir slepte inn.