Yersinia enterocolitica 

Yersinia enterocolitica er ein bakterie som kan vera årsak til mage-tarminfeksjon, yersiniose, hos menneske. Bakterien kan finnast i tarmen hos husdyr, særleg gris, og ville dyr.

Bakterien finst også i vatn, jord og kloakk. Svinekjøt og svinekjøtprodukt er, saman med ubehandla drikkevatn, dei viktigaste smittekjeldene for menneske. Y. enterocolitica kan veksa i matvarer ved kjøleskaptemperatur.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til yersiniose er bakterien Y. enterocolitica. Meir enn 70 serotypar er beskrivne, men dei fleste er ikkje årsak til sjukdom. Serotype O:3 er vanlegast i samband med sjukdom hos menneske i Noreg og i resten av Skandinavia. Elles i Europa er serotypane O:3, O:5,27 og O:9 dei vanlegaste.

Y. enterocolitica er tilpassa kulde og kan veksa heilt ned mot -2 ℃, altså i matvarer som er haldne ved kjøleskaptemperatur. Bakterien veks også i vakuumpakka næringsmidlar, og overlever frysing i lang tid. Bakterien overlever ikkje pasteurisering eller vanleg koking og steiking, men varmebehandla produkt kan rekontaminerast etter varmebehandling, til dømes ved oppskjæring.

Sjukdomsteikn og diagnostikk.

Dyr er stort sett friske berarar av Y. enterocolitica. Rett nok er bakterien isolert frå dyr, mellom anna frå chinchilla, hare, sau og geit i samband med sjukdom, men dette er først og fremst andre serotypar enn dei som er årsak til sjukdom hos menneske.

Prøver frå dyr og mat kan undersøkjast med tradisjonelle dyrkingsmetodar for å isolera Y. enterocolitica, men desse metodane er tidkrevjande. Deretter kan slike isolat bli verifiserte og serotypa. I prøvemateriale der det truleg er eit lågt bakterietal, til dømes i mat eller vatn, kan det vera vanskeleg å påvisa Y. enterocolitica med tradisjonelle dyrkingsmetodar, og ein kan då bruke meir følsame molekylærbiologiske metodar, slik som PCR.

Påvising av sjukdomsframkallande Y. enterocolitica  med PCR baserer seg på at bakterien har visse sjukdomsframkallande eigenskapar. I tillegg til å isolera bakterien frå mat eller dyr, må ein visa at bakteriane frå menneske og mat/dyr har identiske DNA-profilar. Dette kan gjerast ved hjelp av molekylærbiologiske typingsmetodar (MLVA).

Førekomst

Førekomsten av Y. enterocolitica og yersiniose er størst i land med kjølig klima og i den kjølige årstida.

Sjukdomsframkallande Y. enterocolitica er funnen i tarmen hos ei rekkje dyr, mellom anna hos hund, katt og rotter, men gris er det einaste dyret som ser ut til å vera regelmessig berar av bakterien. Bakterien blir skild ut med avføring, og smittar via ureina mat eller vatn.

Y. enterocolitica kan, i tillegg til i tarmen, også påvisast i munnhola hos gris, og kan finnast i store mengder på tunge og tonsillar. Undersøking av grisar i Noreg på 1980-talet påviste sjukdomsframkallande Y. enterocolitica i munnhola til 89 % av grisane og på 63 % av slakteskrottane. I 1995-1996 blei antistoff mot Y. enterocolitica O:3 påviste hos 80 % av 66 undersøkte avlsbuskapar og hos 35.5 % av dei undersøkte dyra.

På slutten av 80-talet blei 50 rå svinekjøtprodukt frå 13 bedrifter undersøkte, og Y. enterocolitica blei påvist i 60 % av prøvene. I 1997-98 blei bakterien påvist i 17 % av 300 svinekjøtprodukt frå ulike slakteri ved PCR. Denne reduksjonen i førekomst av bakterien i svinekjøtprodukt skuldast truleg endringar i slakterutinar som blei innført på 90-talet (sjå førebygging og kontroll).

I Noreg blir det registrert mellom 50 og 100 tilfelle av yersiniose årleg hos menneske, og 70-80 av desse er blitt smitta innanlands. Førekomsten av yersiniose i Noreg blei halvert på 90-talet, etter innføring av forbetra slakteteknikk for svin. Yersiniose er i dei fleste tilfelle ein magetarminfeksjon som varer i 1-2 veker, og dei vanlegaste symptoma er diaré, magesmerter, moderat feber og eventuelt kvalme og oppkast.

Dei fleste sjukdomstilfella har vore sporadiske eller mindre utbrot innan familiar, men større utbrot kan førekoma. I 2006 var det til dømes to utbrot der julesylte var smittekjelde, mens det i 2011 var eit utbrot som blei knytt til importert salat.

Nest etter svinekjøt og svinekjøtprodukt er ureina drikkevatn og næringsmidlar ureina med kontaminert vatn dei viktigaste smittekjeldene for menneske i Noreg. I andre land har mjølk, tofu, spirer og grønsaker vore årsak til utbrot av yersiniose. Les meir om yersiniose hos menneske hos Folkehelseinstituttet

Tiltak

Funn av Y. enterocolitica hos dyr og i matvarer er ikkje meldepliktig.

Sidan bakterien finst ofte i munnhola (tunge og tonsillar) og i tarminnhald hos grisar, er det viktig med god hygiene gjennom heile slakteprosessen og ved vidare foredling, for å hindra ureining av slakteskrottar og produkt frå gris.,

Rått svinekjøt og produkt frå svin, som medisterdeig og medisterfarse, må gjennomsteikast/kokast og ikkje smakast på så lenge det er rått. Unngå kryssureining til andre matvarer ved å vaska hender, knivar, skjerebrett etc. etter dei har vore i kontakt med rått svinekjøt eller rå svineprodukt.

Sikring av tilfredsstillande kvalitet på drikkevatn til folk betyr mykje for å førebyggja og kontrollera human yersiniose.