Trådorm

Strongyloidose, ein sjukdom der årsaka er parasitten Strongyloides sterkoralis og som kan gi alvorleg sjukdom hos hund.

Parasitten finst i tarmen og kan gi blodig diaré og uttørking.

Parasittane finst til vanleg i tropiske og subtropiske strok, men kan også overleva i land med temperert klima og bli eit problem der, til dømes i kennelar. Parasitten kan vera årsak til sjukdom hos menneske.

Smittestoff og smittevegar

Trådorm er det norske namnet på parasitten Strongyloides stercoralis. Dette er små, tynne nematodar (2 mm lange) som lever i tarmen hos hund, katt, menneske og rev. Smitta dyr skil ut larvar i avføringa.

Trådormar kan smitta verten på fleire måtar:

  • Perkutant – larver trengjer gjennom huda og blir ført med venesystemet via lungene til tarmen.
  • Peroralt – verten får i seg larvar gjennom munnen, og larvane utviklar seg vidare til vaksne ormar i tynntarmen.
  • Laktogent – mordyret skil ut larvar via mjølka og smittar avkommet – dette er ein vanleg smittemåte hos hund. Kvelpar kan bli smitta frå dei byrjar å dia.
  • Autoinfeksjon – etter som larvar klekker frå egga alt mens dei er i tarmen, kan nokre larvar kunna utvikla seg til det smittsame stadiet og resmitta verten ved å vandra gjennom slimhinna bak i tarmen/huda rundt anus. Denne smittemåten kan ein sjå hos hund.

Trådormar har ein spesiell livssyklus etter som dei kan ha både ein parasittisk livssyklus og ein frittlevande livssyklus. I den parasittiske livssyklusen produserer ho-orm i tynntarmen egg med larvar. Desse egga blir klekka og utviklar seg til frittlevande hannar og hoer.

Dei frittlevande stadia kan føra til oppformeiring av parasittane i miljøet. Under visse tilhøve kan larvar frå desse frittlevande stadia smitta verten, ved å trengja gjennom huda og bli førde via venesystemet til lungene og sidan til tarmen der dei utviklar seg til vaksne hoer.

Tida frå verten blir smitta til ein finn larvar i avføringa varierer med smittemåte, men er til vanleg ca. 10 (5-21) dagar hos hund.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Spesielt kvelpar kan få alvorlege infeksjonar. Vaksne parasittar i tynntarmen kan gi tarmbetennelse (katarralsk enteritt) og føra til fordøyelsesproblem. Symptoma på strongyloidose kan vera blodig eller slimete  avføring, luftvegsproblem, uttørking og i nokre tilfelle død.

S. stercoralis kan vera årsak til fleire former for sjukdom hos menneske, mellom anna larvevandringar i huda og vandringar i slimhinna i tarmen. Hos menneske med nedsett immunforsvar kan parasitten gi alvorleg sjukdom.

Diagnostikk

Trådorm kan påvisast ved mikroskopisk gransking av avføringsprøver. Ein kan påvisa typiske larvar, og i nokre tilfelle også egg og vaksne parasittar.

Førekomst

S. stercoralis er ein vanleg parasitt i tropiske og subtropiske strok. I Europa er parasitten rapportert frå Polen, Frankrike, Portugal, Romania, Ungarn, Ukraina og Russland. Det er også rapportert om tilfelle i kennelar i Finland og Island. I Noreg blei parasitten første gong påvist hausten 2009 i ein kennel som hadde importert dyr frå mellom anna Polen og Spania, og ein kvelp med sannsynleg opphav i Aust-Europa. I 2012 blei den påvist hos ein hund som var importert frå Hellas.

S. stercoralis er ikkje uvanleg hos menneske i tropiske og subtropiske strok. Det er estimert at på verdsbasis har mellom 30 og 100 millionar menneske denne parasitten.

Tiltak

Infeksjon med trådorm er ein importsjukdom. Ein tilrår difor at hundar som kjem frå område der trådorm er utbreidd blir behandla med eit eigna parasittpreparat. Ulike behandlingsregime er beskrivne i litteraturen, og det er rapportert at fleire ulike parasittmidlar har effekt mot desse parasittane.

Det er viktig å  hindra at smitta hundar skil ut larvar som kan vera opphav til nye generasjonar parasittar. Hundeeigarar må plukka opp hundeavføring i hagen/kennel/uteområde for å hindra smitteoverføring til andre dyr. Dersom ein mistenkjer at hundar kan ha blitt smitta med trådorm etter utanlandsopphald, bør ein vurdera å undersøkja avføringsprøver frå hunden.

Les meir om importvilkår hos Mattilsynet.