Hunden sin dvergbandorm

Dvergbandormen Echinococcus granulosus held til i tarmen til hund (ulv) og skil ut egg i avføringa. Dersom andre dyr eller menneske får i seg egg, kan det utvikla seg parasittblærer i indre organ.

Ekinokokkose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Echinococcus granulosus er ein liten (få mm lang) bandorm som primært finst i tarmen hos ulike dyr av hundeslakta. Desse fungerer som endevertar for parasitten. Andre dyr og menneske er mellomvertar. Legg merke til at revens dvergbendelmark (Echinococcus multilocularis) er ein annan parasitt.

Parasitten finst i to ulike biotypar, ein såkalla «europeisk» og ein «nordleg» biotype. Den «europeiske» biotypen har hund som endevert og ulike husdyrartar som mellomvertar. Den «nordlege» biotypen har hund og ulv som endevertar, og ulike hjortedyr (rein, elg, hjort, rådyr) som mellomvertar. Reven er ikkje endevert for E. granulosus.

Smitta endevertar (hund, ulv) skil ut store mengder parasittegg i avføringa.

Hos mellomverten (andre dyr og menneske) som får i seg parasittegg utviklar det seg parasittblærer i indre organ. Rovdyra blir smitta ved å eta mellomvertar med parasittblærer i indre organ, og larvene i desse blærene kan utvikla seg til kjønnsmoden bandorm i tarmen til endeverten.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Rovdyr med parasittar i tarmen viser ingen sjukdomsteikn. Hos mellomvertane blir det danna spreidde parasittblærer i indre organ, særleg i lever og lunger. Parasittblærene veks gradvis i storleik og fortrengjer det normale vevet i organet. Dette kan i nokre tilfelle føra med seg teikn på sjukdom.

Dersom menneske blir smitta med parasittegg frå hundeavføring, kan spreidde væskefylte parasittblærer utvikla seg i fleire organ, særleg i lever og lunger. Parasittblærene aukar i storleik over tid og kan føra til trykkskade på organa. Dette kan utløysa ulike sjukdomsteikn. Les meir om ekinokokkose hos menneske på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

Diagnostik

Hos  hund (ulv) kan E. granulosus påvisast gjennom nøye mikroskopisk gransking av tynntarmen. Denne metoden er svært tidkrevjande. For undersøking av levande dyr kan ein bruka molekylærbiologiske metodar (PCR) for identifikasjon av parasitten sine egg i avføringa.

Hos mellomverten (til dømes hjortedyr) kan tilstanden diagnostiserast ved typiske parasittblærer i indre organ.

Førekomst

På 1950-talet var om lag 10 % av reinen i Finnmark infisert (med den «nordlege» biotypen). I dag finn ein ikkje denne infeksjonen hos rein, praktisk talt. Ei viktig årsak til denne utviklinga er truleg at snøskuteren i stor grad har teke over for hunden i gjetararbeidet.

Parasitten er så langt ikkje påvist hos ulv eller hos andre hjortedyr enn rein, her i landet.

Den «europeiske» biotypen av E. granulosus finst ikkje i Noreg, men har vore påvist hos importerte dyr.

Overvaking

Alle dyr som blir slakta, blir undersøkte ved slakting.

Tiltak

Ekinokokkose er ein liste 2-sjukdom. Smitteoverføring til hund kan førebyggjast ved at hunden ikkje får tilgang til rått slakteavfall frå mellomvertar (hjortedyr). Dersom hunden er infisert, kan tilstanden behandlast med medikament mot parasitten.