Aviær klamydiose 

Aviær klamydiose (også kalla psittakose, papegøyesjuke eller ornithose) er ein zoonose, det vil seie ein sjukdom som kan overførast frå dyr til menneske.

Aviær klamydiose er ein liste 2-sjukdom og førekomst eller mistanke om aviær klamydiose skal strakst rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til aviær klamydiose er bakterien Chlamydia psittaci. Svært mange av selskapsfuglane i verda er berarar av sjukdomen.

Ein smitta fugl kan skilje ut bakteriar før fuglen sjølv viser klinisk teikn på sjukdom. Infiserte fuglar skil ut smittestoff i avføring, urin, spytt og eksudat frå auger og luftvegar. Bakteriar i små vassdropar (aerosol), i støv og anna organisk material er smittekjelder. Fuglar støvar mykje, og mikroben kan spreiast mellom fuglane sjølv om dei er plasserte med god avstand frå kvarandre.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Symptoma hjå fugl er ofte lite tydelege med lett diare, nedsett matlyst og lette symptom frå respirasjonssystemet. Dei kan også være tydelege med alvorleg sjukdom i luftvegane, hjartesekk, lever, bukhinna og milten. I eit utbrot i ein flokk, kan ein ha alle former representerte samstundes.

Sjukdomsutviklinga avheng m.a. av smitteveg, fugleart, alder og kondisjonen til individet, og kor aggressiv den aktuelle bakteriestammen er. Stress ved flytting eller fanging, kan utløyse sjukdom.

Inkubasjonstida kan variere frå nokre dagar til fleire månader og endatil opptil år, men forventa inkubasjonstid er 5-20 dagar.

Diagnostikk

Ein kan ikkje stille diagnosen berre ut frå dei kliniske symptoma, fordi fleire sjukdommar kan gje liknande sjukdomsteikn. Endeleg diagnose kjem etter immunologisk testing av blod- eller svaberprøvar, ved påvising av typiske endringar i vev frå daude fuglar eller dyr, eller ved å påvise bakterien ved hjelp av immunologiske metodar direkte i vev.

Førekomst

Infeksjon med C. psittaci kan gje sjukdom hjå mange ulike fugleartar; villfugl, fjørfehold og selskapsfugl og også hjå ulike pattedyr m.a. småfe, storfe, gris og katt. Aviær klamydiose har ei global utbreiing.

Svært mange av selskapsfuglane i verda er berarar av C. psittaci, men me veit ikkje kor utbreidd dette smittestoffet er her i landet. Det blir registrert nokre få tilfelle i året av aviær klamydiose i Noreg.

Villfugl fungerer som eit reservoar for smittestoffet, og fuglar kan bere smitten utan å vise teikn på klinisk sjukdom.

Tiltak

Aviær klamydiose er ein liste 2-sjukdom. Etter eit utbrot er det viktig å vaske og desinfisere hus og bur der sjukdommen har vore påvist. Vanlege desinfeksjonsmiddel som kvartære ammoniumsstoff, benzalkon eller formalin er effektive mot organismen, og gassing av fuglehus med formaldehyd kan nyttast med hell.

Bakterien er følsam for antibiotika, og sjuke dyr kan behandlast med antibiotika. Bakteriane er relativt resistente mot uttørking.