Koksfri kylling

Norsk fjørfenæring har som mål å avvikle bruken av koksidiostatika i oppdrettet av konvensjonell slaktekylling, og treng eit solid kunnskapsgrunnlag for å finne ut korleis dette best kan skje.

Norsk fjørfenæring har som mål å avvikle bruken av koksidiostatika i oppdrettet av konvensjonell slaktekylling, og treng eit solid kunnskapsgrunnlag for å finne ut korleis dette best kan skje.

Prosjektet har følgjande tilnærmingar til arbeidet med å skaffe eit slikt kunnskapsgrunnlag:

  1. Testing av kommersielt tilgjengelege alternativ til koksidiostatika
  2. Prebiotisk stimulering av nyttige smørsyre-produserande bakteriar
  3. Diett-endringar med sikte på redusert risiko for oppblomstring av skadelege tarmbakteriar
  4. Evaluering av praktisk relevante nivå av mykotoksinet DON som ein predisponerande faktor for svekka magetarmhelse hos kylling

Arbeidet med desse problemstillingane er basert på kyllingforsøk. Konsentrasjon av Clostridium perfringens i tarminnhald vil bli brukt som ein sentral resultatvariabel i forsøka, da denne bakteriearten er ein indikator på svekka magetarmhelse og svekka produksjonsresultat.

Alternative produkt som blir testa vil bli rangerte på grunnlag av ein skår basert på indikatorar for magetarmhelse, dyrevelferd og produksjon. På grunnlag av forsøk og økonomiske omsyn vil ein kombinasjon av alternative produkt bli valt ut for samanlikning med koksidiostatika i ein større test i kommersielle slaktekyllingflokkar.

Prosjektet vil engasjere ein doktorgradsstudent som skal jobbe hovudsakleg med problemstillingane 2-4 nemnt over.

På bakgrunn av resultata i felt-testen og doktorgradsarbeidet vil prosjektet formulere råd om framtidig bruk av koksidiostatika i konvensjonelt slaktekyllingoppdrett i Norge.

 

Prosjektleder
Magne Kaldshudal

Finansiering

  • 80 % finansiert gjennom Lanbruksdirektoratet ved hjelp av forskningsmidlene for jordbruk og matindustri.
  • 20 % finansiert i hovudsak av næringspartnerane i prosjektet. 

Samarbeidspartnere

Forskingsinstitusjonar:

  • Veterinærinstituttet (Magne Kaldhusdal og Gunnar Sundstøl Eriksen) 
  • Universitetet for miljø- og biovitenskap (NMBU) (Birger Svihus)
  • Universitetet i Gent (Filip Van Immerseel). 

Næringspartnerar:

  • Animalia 
  • Nortura 
  • Felleskjøpet fôrutviking 
  • Norgesfôr 
  • Fiskå mølle

Forskninginformasjon

Start
2015-01-01
Slutt
2018-12-31
Prosjektnummer
244635
Status
Pågående
Finansiering
NFR Prosjekter
Forskningsområder
Bakteriologi, Dyrevelferd, Fôrtrygghet, Husdyrhelse, Mykotoksiner, Parasittologi, Patologi

Forskere

Magne Kaldhusdal

Seniorforskar
Mobilnr: +47 95886653
E-post: magne.kaldhusdal@vetinst.no

Øyvor Kolbjørnsen


Mobilnr: +47 91684737
E-post: oyvor.kolbjornsen@vetinst.no

Gunnar Sundstøl Eriksen

Forsker
Mobilnr: +47 93808479
E-post: gunnar.eriksen@vetinst.no

Inger Sofie Hamnes

Seniorforsker/veterinær
Mobilnr: +47 99165258
E-post: inger.hamnes@vetinst.no

Sylvie Benestad

Senior forsker
Mobilnr: +47 97536830
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Dyr