Kvalpesjuke

I 2013 blei virussjukdommen kvalpesjuke påvist hos ein hund i Hedmark fylke. Dette var første påvising sidan 1980-talet. Viruset gir ikkje sjukdom hos menneske.

Kvalpesjuke er ein liste 3-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om kvalpesjuke skal straks meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Kvalpesjuke skuldast eit virus i familien Paramyxoviridae og slekta Morbillivirus. Virus kan vera årsak til sjukdom hos artar innan hundefamilien (hund, rev og sjakal) og i tillegg mårfamilien (mink, oter og ilder). Huskattar blir ikkje sjuke etter smitte med dette viruset, men andre kattedyr, som til dømer løver, kan bli alvorleg sjuke.

Kvalpesjukevirus er følsamt for ytre påverknader, men kan overleva i nokre få veker dersom miljøvilkåra er gunstige. Smitteoverføring mellom hundar skjer oftast direkte etter kontakt med virushaldig materiale frå sjuke hundar eller med utandingsluft (dråpesmitte). Indirekte smitteoverføring etter kontakt med gjenstandar, klede, hender som er ureina med virus, kan også skje.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Kvalpesjuke er, som det går fram av namnet, først og fremst ein alvorleg sjukdom hos kvalpar og unge hundar, Forløpet kan vera akutt. Allmenntilstanden er påkjent med høg feber, inga matlyst og slappheit. Betennelse i augneslimhinna, luftvegar og magetarmkanal kan føra til «rennande auger», pustevanskar og diaré. Sjukdommen kan vara i fleire veker, og i slike tilfelle kan ein finna kroniske endringar i til dømes hud eller hjerne. Dersom viruset blir spreidd til hjernen, kan enkelte hundar utvikla betennelsesendringar som fører til neurologiske symptom, som til dømes krampar.

Hos vaksne, uvaksinerte hundar fører ein infeksjon med kvalpesjukevirus til milde symptom med lett hoste og allmennpåkjenning.

Diagnostikk

Det kan takast prøver hos ein sjuk hund frå auge og andre organ for å påvisa virus. Undersøking av blodprøver for antistoff kan vera problematisk hos vaksinerte hundar fordi det ikkje let seg gjera å skilja mellom antistoff produserte etter naturleg infeksjon og antistoff danna etter vaksinasjon. Parprøver tekne ut med 2-3 vekers mellomrom for påvising av titerstiging kan visa om hunden har vore smitta.

Ein hund som er daud/avliva med mistanke om kvalpesjuke, bør obduserast. Organendringar og undersøking for virus med ulike metodar kan vera til hjelp når ein skal stilla ein diagnose.

Førekomst

God gjennomføring av vaksinasjonar gjennom meir enn 60 år har ført til at kvalpesjuke er ein svært sjeldan sjukdom hos hund i Noreg.

I våre granneland også er kvalpesjuke ein svært sjeldan sjukdom. Danmark hadde eit utbrot på 1980-talet og Finland på 1990-talet, truleg på grunn av manglande vaksinedekning.

Kvalpesjuke er utbreidd i heile verda. I land med dårleg vaksinedekning og i land med stor bestand med uvaksinerte gatehundar, er kvalpesjuke vanleg. Innførsel av slike hundar kan medføra innførsel også av kvalpesjukevirus.

I ein uvaksinert hundebestand kan kvalpesjuke spreia seg raskt, med alvorlege følgjer. Dette blei tydeleg demonstrert på Grønland. Der spreidde sjukdommen seg som ei farsott, og i enkelte område dauda opp til 80 % av hundane.

Tiltak

Kvalpesjuke er ein liste 2-sjukdom. Sjukdommen kan førebyggjast effektivt med vaksinasjon. Vaksinerte hundar som er drektige overfører antistoff til kvalpane med colostrum (råmjølk). På den måten er kvalpane beskytta dei første vekene etter fødsel (passiv immunitet). Veterinærinstituttet tilrår difor at alle hundar blir vaksinerte mot kvalpesjuke for å sikra beskyttelse hav heile den norske hundebestanden.

Kvalpar etter vaksinerte tisper bør vaksinerast ved 3 vekes alder for å få ein aktiv immunitet. Kvalpar etter uvaksinerte tisper kan vaksinerast 8-9 veker gamle og revaksinerast 3-4 veker   seinare.

Dersom smittepresset aukar i samband med eir utbrot av kvalpesjuke i eit område, vil ein først og fremst sikra at kvalpane har tilstrekkeleg beskyttelse. Ein vil då tilrå eit opplegg som for kvalpar etter uvaksinerte tisper.