Svineinfluensa

Influensa er ein svært smittsam virusinfeksjon hos gris der årsaka er influensa A-virus. Viruset kan smitta både frå menneske til gris og frå gris  til menneske.

Svineinfluensa er ein liste 2-sjukdom og førekomst av eller mistanke om svineinfluensa skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Svineinfluensa er ein smittsam virusinfeksjon som skuldast influensa A-virus som høyrer til i familien Orthomyxoviridae.

Viruset kan delast inn i subtypar på grunnlag av to typar overflateprotein; hemagglutinin (H) (16 ulike variantar) og neuraminidase (N) (9 ulike variantar). Dei vanlegaste subtypane isolerte frå gris er H1N1, H1N2 og H3N2.

Influensa A-virus endrar seg lett, dels gjennom mutasjonar i arvematerialet og dels ved utveksling av genmateriale mellom ulike subtypar, såkalla reassortering. Det skjer stadig nye reassorteringar, og i dei siste åra er det rapportert om betydeleg utveksling av genmateriale mellom influensavirus frå gris, fuglar og menneske.

Influensavirus frå pattedyr blir raskt inaktiverte i dyra sitt miljø, men kan halda seg infektive i fleire timar i slim. I gjødsel blir virus inaktivert i løpet av 1-2,5 timar ved 50-55° C, to veker ved 20° C og 9 veker ved 5° C. Viruset blir inaktivert av dei fleste desinfeksjonsmidlar og ved pH <2.

  • Smitte mellom grisar

    Viruset blir i hovudsak spreidd gjennom direkte trynekontakt via slim og dråpesmitte.

    Infeksjonen kan også spreiast ved aerosolar eller kontakt med gjenstandar som er ureina med infisert slim. Grisane skil ut virus med respirasjonslufta og naseflod frå 24 timar før sjukdomsutbrotet og i 7-10 dagar etterpå. Meir sjeldan kan enkelte grisar vera smitteberarar i lengre tid.

    Influensavirus kan truleg spreiast mellom svinebuskapar gjennom luft over fleire kilometer, men dette er dårleg dokumentert. Ofte kjem utbrot i fleire buskapar i det same geografiske område om lag på same tid, og når infeksjonen er introdusert i eit område, kan den halda seg i populasjonen i årevis. Spreiing av svineinfluensa til nye land skjer nesten alltid ved import av infiserte grisar.

     

  • Smitte frå gris til menneske

    Årleg oppstår influensaepidemiar hos menneske. I perioden 1958-2005 blei det rapportert 50 tilfelle der influensavirus smitta frå gris til menneske. Seks av desse tilfella var i Europa. I dei fleste tilfella har dei smitta menneska hatt direkte kontakt med infiserte grisar. Frå utlandet er det dokumentert smitte med influensa A (H1N1) pdm09 virus frå gris til menneske.

    Berre få rapportar viser at influensavirus i slike tilfelle har spreidd seg vidare mellom menneske. Nyare serologiske undersøkingar indikerer at tilfelle av smitte frå gris til menneske er betydeleg underrapporterte.

    I Noreg har ein ingen dokumentasjon på at menneske er blitt smitta med influensavirus direkte frå grisar.

    Grisar hadde truleg ingen betydning i spreiinga av den omfattande influensaepidemien hos menneske her i landet hausten 2009 og vinteren 2010. Les meir om influensa hos menneske på heimesida til Nasjonalt folkehelseinstitutt.

    Svineinfluensa smittar ikkje til menneske gjennom matvarer. Med omsyn til svineinfluensa er det difor trygt å eta svinekjøt og andre produkt frå svin også i land der infeksjonen er vanleg hos grisar.

  • Smitte frå menneske til gris

    Det er akseptert at grisar kan bli smitta med influensa A-virus frå menneske, men inntil den nye subtypen A (H1N1) pdm09 dukka opp, var det berre få dokumenterte døme på at smitte frå menneske hadde ført til vidare spreiing mellom grisar. Dei fleste tilfelle av smitte frå menneske til gris var med subtype H3N2.

    Canadiske styresmakter rapporterte i mai 2009 det første dokumenterte tilfellet av smitte med A (H1N1) pdm09 virus frå menneske til gris.

    Seinare i 2009 blei dette rapportert frå mange land, inkludert Noreg. Smitte frå menneske var truleg den viktigaste årsaka til at grisar i mange norske buskapar, spreidde over heile landet, blei smitta med denne subtypen hausten 2009 og våren 2010.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

 Sjukdomsteikna ved svineinfluensa er naseflod, nysing, hoste, nedsett matlyst og høg feber (40,5 – 41,5° C). Grisane blir slappe, legg seg tett saman og vil helst ikkje røra på seg. Ein kan også sjå betennelse i augneslimhinna (konjungtivitt). Ein bør mistenkja infeksjon med influensavirus i buskapar der fleire grisar får milde luftvegssymptom i løpet av kort tid. Symptoma går oftast over etter 5-7 dagar, og dødelegheita er låg.

I smågrisproduserande buskapar er det rapportert at den akutte sjukdomsperioden kan bli følgt av reproduksjonsproblem, som omløp, små kull, auka tal på abortar, daudfødde og svaktfødde grisar. Dette er likevel mangelfullt dokumentert. Reproduksjonsproblema er truleg komplikasjonar til høg feber og allmennpåkjenning då ein ikkje reknar med at influensavirus infiserer kjønnsorgana. Rånar kan ha nedsett fruktbarheit i lang tid (2-3 månader) etter gjennomgått infeksjon.

Inkubasjonstida ved infeksjon med influensa A-virus hos gris er 1-3 dagar. Ved ny-introduksjon av smitte i ein buskap kan ein få omfattande sjukdomsutbrot der nesten alle grisane blir alvorleg sjuke i løpet av 1-2 dagar, men i mange tilfelle viser berre 20-30 % av grisane symptom.

Ved obduksjon av akutt sjuke grisar vil ein finna slim og blodig væske i luftrøyr og bronkiar, og spreidde fortettingar i fleire lungelappar.

I den akutte fasen er det rikeleg med virus i naseflod og lungevev, og ein kan ta svaberprøver frå naseslimhinne og/eller vevsprøver frå lunger for virusundersøking.

Diagnostikk

Ein skal helst bruka svabrar av kunstfiber på transportmedium for prøver til virusundersøking.

Ein bør også ta ut prøver av lungemateriale til histologi og immunhistokjemi.

PCR kan utførast på svaberprøver frå naseslimhinne. Dette er ein generell PCR som fangar opp alle influensa A-virus. Ved positive funn kan ein utføra nye PCR-undersøkingar og sekvensering av virusgen for å bestemma subtypen..

Ved første gongs påvising av svineinfluensa i ein populasjon har ein god nytte av serologisk gransking av prøver tekne 2-3 veker etter det akutte sjukdomsutbrotet. I kronisk infiserte populasjonar må det eventuelt takast parprøver med 2-3 vekers mellomrom for å finna ut om influensavirus betyr noko for eit registrert sjukdomsproblem.

  • Differensialdiagnosar

    Differsialdiagnostisk må ein her i landet tenkja på utbrot av infeksjon med Actinobacillus pleuropneumoniae. Denne infeksjonen er mindre smittsam, men kan vera ein alvorlegare sjukdom hos ubehandla grisar. Dessutan er obduksjonsfunna ved denne infeksjonen svært karakteristiske.

    I nysmitta buskapar kan akutte utbrot av Mycoplasma hyopneumoniae-infeksjon likna på svineinfluensa, men spreiinga i buskapen og sjukdomsgangen strekkjer seg over lengre tid.

    Infeksjon med PCV» kan hos enkelte grisar gi symptom og obduksjonsfunn som liknar dei ein kan sjå ved infeksjon med influensavirus. Ein bør også vurdera om det kan vera utbrot av PRRS.

Førekomst

Infeksjon med influensa A-virus finst vanleg hos grisar over heile verda. Noreg er eitt av svært få land der svinepopulasjonen var fri for infeksjon med influensavirus til den blei smitta med A(H1N1) pdmm09 virus hausten 2009.

Ein ser oftast utbrot om hausten og vinteren. Dette heng truleg saman med temperaturstress som set ned grisen si motstandskraft samstundes som kjøleg og fuktig klima er gunstig for viruset si overlevingsevne utanfor grisen, og for spreiing med luft.

I Danmark blei infeksjon med subtype H1N1 registrert første gong i 1981, og i 1990 blei subtype H3N2 påvist. Det er rapportert at minst 70 % av buskapane i Danmark har ein eller fleire typar influensavirus.

I Sverige blei subtype H1N1 påvist i 1982 og subtype H1N2 i 2009, men sjukdommen har betydd mindre der.

I Finland blei svineinfluensa H1N1 diagnostisert for første gong i 2009.

I USA er det funne at 30 % av slaktegrisane og 40 % av purkene har antistoff mot influensavirus.

Frå 2009 er den nye A(H1N1) pdm09 påvist hos grisar i mange land, Noreg inkludert.

Overvaking

Norske grisebuskapar blir årleg kontrollerte for ei rekkje virusinfeksjonar, inkludert influensa A subtypane H1N1 og H3N2.

Resultata frå dette overvakingsprogrammet indikerer at influensavirus A(H1N1) pdm09 nå er vidt utbreidd i den norske svinepopulasjonen.

Gå til overvakingsprogrammet.

Tiltak

Svineinfluensa er ein liste 2-sjukdom. Ved første gongs utbrot med andre variantar enn A(H1N1) pdm09 vil ein isolera buskapen og prøva å bekjempa smitten. Røynsler viser likevel at det er svært vanskeleg å hindra at infeksjonen spreier seg til andre buskapar når den er introdusert i ein populasjon. Det er difor viktig at ein er varsam ved all import av gris og at ein held seg nøye til reglar for isolat og testing.

Det finst inga spesifikk behandling mot svineinfluensa, men ein brukar ofte antibiotika for å førebyggja sekundærinfeksjonar. I nokre land er det vanleg å vaksinera grisane mot infeksjon med svineinfluensa.

Sjølv om overvakingsprogrammet viser at influensa A(H1N1) pdm09 virus er vidt utbreidd i den norske svinepopulasjonen, og at smittestoffet ser ut til å ha etablert seg i populasjonen, så er det framleis eit mål å halda norske grisar fri for andre, grisetilpassa variantar av influensavirus. Svineprodusentar og veterinærar må difor vera årvakne  for å oppdaga infeksjonar på eit tidleg stadium. Ein bør spesielt følgja opp buskapar på stadar der det har vore influensa hos folk på garden eller hos folk på besøk, til dømes veterinærar.