Sviknott

 

Sviknott (slekta Culicoides) er blodsugande insekt som kan overføra sjukdommar mellom dyr.

I Noreg i dag er blåtunge den mest aktuelle sviknott-overførte sjukdommen.

Smittestoff og smittevegar

Sviknott (Ceratopogonidae) inneheld ca. 60 slekter, og det finst om lag 5000 artar på verdsbasis. Dei fleste artane er rovdyr, ektoparasittar på andre insekt eller blodsugarar på vertebratar. Det finst fire slekter som er blodsugarar på vertebratar, og av desse er slekta (Culicoides) størst, med om lag 1000 artar. Det er i denne slekta ein finn dei artane som er av veterinærmedisinsk interesse i tempererte strok. I Noreg er det berre Culicoides-artar som er blodsugande på vertebratar. Culicoides-artane er små, ofte mellom 1 og 5 mm lange, dei fleste mindre enn 1.5 mm. Godt og vel 20 artar er registrert her i landet, men ein reknar med at det finst rundt 40 artar her.

Ulike Culicoides-artar kan vera vektorar for mange virus og andre patogen: Mansonella spp., Onchocerca gibsoni og O. cervicalis, Leucocytozoon, Plasmodium agamae, Haemoproteus, Blåtungevirus (BTV) African horse sickness, Bovine ephemeral fever, Akabane virus.

Livssyklusen til Culicoides inkluderer egg, 4 larvestadium, puppestadium og vaksne sviknott. Hos dei fleste sviknott treng hoa eit blodmåltid før ho legg egg, men hos enkelte artar kan hoa leggja sitt første kull egg utan å ha innteke eit blodmåltid (autogeny). Hoa legg ofte 40-60 egg per kull. Sviknottlarvane lever i ulike slag fuktige miljø; fuktig jord, vatn, myr, sopp, avføring (sauemøk, hestemøk, kumøk), daude tre, kompost osv. Larvestadiet kan vara frå få dagar til fleire månader, avhengig av sviknottart, temperatur og fukt.

Vaksne sviknott flyg ofte frå seint på ettermiddagen og utover kvelden, men kan vera i aktivitet heile dagen, særleg på overskya og fuktige dagar. Sviknott flyg også inn i husdyrrom og syg blod av dyra mens dei står inne. Sviknott kan til dømes følgja etter mjølkekyr inn i fjøset når dei blir tekne inn frå beitet om ettermiddagen/kvelden. Det er berre hoa som stikk og syg blod. Dette gjer ho omlag kvar 3. dag. Vaksne sviknott lever i gjennomsnitt omlag 10-20 dagar, men kan leva i opptil 3 månader. Vanlegvis er det berre ein generasjon i året i tempererte strok.

For at ein sviknott skal kunna overføra blåtungevirus (BTV), må den først suga blod av ein vert som har viruset sirkulerande i kroppen. Viruset blir oppformert i sviknotten. Dette tek 4-20 dagar, avhengig av temperaturen. Viruset finst då i sviknotten sine spyttkjertlar og blir overførde til nye mottakelege vertar ved (neste) blodsuging.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sviknott (Culicoides spp.) kan være en plage i seg selv, ettersom stikket forårsaker intens svie og kløe på stikkstedet.

Allergiske reaksjoner mot komponenter i spyttet hos enkelte sviknottarter kan gi ”sommereksem” hos hest, tilsvarende sykdom hos hest i Storbritannia og Australia kalles henholdsvis ”sweet itch”/”Summer dermatitis" og ”Queensland itch”.

Sviknott (Culicoides spp.) kan vera ei plage i seg sjølv fordi stikket gir intens svie og kløe på stikkstaden.

Allergiske reaksjonar mot komponentar i spyttet hos enkelte sviknottartar kan vera årsak til «sommareksem» hos hest. Tilsvarande sjukdom hos hest i Storbritannia og Australia blir kalla «sweet itch»/«summer dermatitis» og «Queensland itch».

Diagnostikk
Veterinærinstituttet kan artsidentifisera sviknott.

Førekomst

I ulike delar av verda er ulike Culicoides-artar hovudvektorar for BTV; i Søraust-Asia og Australia er det C. brevitarsis, i Nord-Amerika C. variipennis sonorensis, i Sør-Amerika C. insignis, i Afrika, Middelhavsområdet og Sør-Europa Culicoides imicola.

Ingen av desse sviknottartane er påviste i Mellom- og Nord-Europa, og i samband med utbrota av blåtunge i desse landa i 2006-2008 er ei rekkje «nye» Culicoides-artar funne å kunna fungera som vektorar for BTV; C. absoletus, C scoticus, C dewulfi, C chiopterus og C. pulicaris sensu stricto. Alle desse 5 sviknottartane finst i Noreg.

På grunn av vektoraktiviteten opptrer blåtunge sesongmessig med flest tilfelle om hausten.

Overvaking

I Europa brukast for det meste såkalla Onderstepoort-type blacklight traps til vektorovervaking. Dette er straumdrivne feller med UV-lys og vifte som tiltrekkjer seg insekt og blæs dei ned i ein oppsamlingsbehaldar. Insektfangsten blir så konservert i alkohol og analysert. Slike lysfeller blir også brukte i Noreg.

I perioden 2007-2009 blei sviknottfeller utplasserte og overvaka i samband med blåtungeutbrotet i Europa og Noreg. Sviknott blei igjen overvaka frå 2011.

  • Resultater 2007

    I 2007 var 17 UV lysfeller utplasserte på 15 lokalitetar langs kysten, frå Sarpsborg i Østfold til Finnøy i Rogaland. To lokalitetar hadde feller både utandørs på beite og innandørs i fjøset. Fellene var operative i 1 døger per veke, frå byrjinga av august til midten av november, og 138 prøver blei samla inn. Fem prøver inneheldt ikkje sviknott.

    I 2007 inneheldt kvar prøve i gjennomsnitt 3407 sviknott, med mellom 0 og 98256 sviknott i i prøvene. Totalt blei det fanga inn meir enn 450 000 sviknott. Dei fem potensielle vektorane av Culicoides utgjorde 96 %. Culicoides obsoletus complex (C. obsoletus og C. scoticus) utgjorde totalt 93 % av sviknotten som blei fanga inn, og desse blei påviste på alle lokalitetane. Culicoides pulicaris utgjorde 3 % av sviknotten og blei også påvist på alle lokalitetane. C. chiopterus utgjorde berre 0.5 % og blei påvist på 13 av 15 lokalitetar. C. dewulfi blei berre funnen på 3 lokalitetar, og då i små mengder. Sviknott blei påvist så seint som 21.11.07 frå ei felle ved Kragerø.

    Ved dei to lokalitetane (Ås og Finnøy) som hadde feller både innandørs og utandørs, blei det funne sviknott både inne og ute. I dei fleste tilfella blei det fanga betydeleg fleire sviknott i feller som stod ute enn i dei som stod inne, men i eit par tilfelle blei det fanga mest sviknott i feller som stod innandørs. I fellene på Ås blei det funne 13 artar ute og berre 6 artar innandørs, mens det på Finnøy blei funne 11 artar både utandørs og innandørs.

  • Resultater 2008

    I 2008 var 11 feller utplasserte på 10 lokalitetar. Ein lokalitet hadde feller både innandørs og utandørs. 143 prøver blei samla inn mellom 12. mai og 19. desember 2008. 15 prøver inneheldt ingen sviknott.

    I 2008 inneheldt prøvene mellom 0 og 26 945 sviknott, i gjennomsnitt 1300 per prøve.

    Sviknott blei påvist i prøvene frå 12. mai til 6. november (felle på Ås), og i prøvene tekne frå midten av oktober og utover i november blei det berre påvist nokre få sviknott i dei positive prøvene (1-6 sviknott). Etter 6. november blei det ikkje funne sviknott i nokon av prøvene. Dei potensielle vektorartane C. absoletus, C scoticus, C chiopterus og C. pulicaris ss blei påviste på alle lokalitetane, mens C. dewulfi blei påvist på 5 lokalitetar.

    Også i 2008 utgjorde dei potensielle vektorartane ein stor del av den totale fangsten – 89.4 %, og av dette utgjorde C. absoletus complex 86.8 %. Denne arten ser ut til å ha den lengste sesongen (påvist frå midten av mai til slutten av november).

  • Resultater i 2009

    Påvising av BTV8 i fire storfebuskapar i februar førde til at vektorovervakinga starta i slutten av mars 2009. Alt i siste tredjedel av mars blei feller sett opp i 3 av dei blåtungesmitta buskapane, innandørs i 2 og utandørs i ein.

    Dei første få sviknottane blei påviste alt i slutten av mars, men ingen av desse hadde sugd blod. Dei første blodsugande sviknottane blei påviste i månadsskiftet april/mai. Overvakingsperioden for 2009 varte frå siste delen av mars til ut november. Etter 4. november blei det funne mellom 0-4 sviknott i fangstane.

    Det blei sendt inn 348 prøver, og gjennomsnittlege tal på sviknott per prøve var 2346 (0-274 034). 41 prøver inneheldt ingen sviknott.

    Sviknott frå C. absoletus- og C. pulicaris-kompleksa dominerte i 2009 som i 2007 og 2008. 98 % av fangsten frå 2009 bestod av artar frå desse to kompleksa, og det er innanfor desse ein finn dei sviknottartane som er kjende vektorar fir  BTV8-viruset.

Gå til overvakingsprogrammet for blåtunge hos storfe, sau og geit