Selpest

Selpest er ein virussjukdom som i hovudsak råkar steinkobbe (Phoca vitulina) Selen får lungebetennelse med feber og pusteproblem, og daudar ofte av bakterielle tilleggsinfeksjonar.

Det har vore to store utbrot av selpest i våre farvatn (1988, 2002), som begge førde til mange dødsfall i steinkobbebestanden. Selpestviruset smittar ikkje til menneske.

Smittestoff og smittevegar

Selpest (Phocine distemper) skuldast selpestvirus (Phocine distemper virus, PDV) som er nært i slekt med hunden sitt kvalpesjukevirus (Canine distemper virus CDV).

Viruset blir truleg skilt ut via luftvegar, tårevæske, urin og avføring, og smitten kan overførast mellom individ ved direkte kontakt eller indirekte via kroppsvæsker.

Selpestviruset kan i heilt spesielle tilfelle vera årsak til infeksjon hos hund. Hundar som er vaksinerte mor kvalpesjuke kan ha eit visst vern, men dei bør likevel haldast borte frå sjuke eller daude selar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdommen viser seg som ein lungebetennelse med allmennpåkjenning, og dyra har feber, pusteproblem og hoste. Andre sjukdomsteikn er renning frå auger og nase, diaré og problem med å dykka. Selane daudar ofte av bakterielle tilleggsinfeksjonar (sekundærinfeksjonar).

Diagnostikk

Diagnosen blir basert på laboratoriegransking av daude selar og identifikasjon av viruset i dyret sine organ.

Førekomst

Sjukdommen råkar i hovudsak steinkobbe (Phoca vitulina), men er også påvist hos andre selartar, som havert (Halichoerus grypus). Ein har indikasjonar på at havert og grønlandssel (Phoca groenlandica) kan vera friske smitteberarar av viruset.

Det er registrert to store utbrot av selpest (1988, 2002) i nordvestlege delar av Europa (Nordsjøen, Skagerak). Eit anslag er at 50-60 % av steinkobbebestanden dauda under desse utbrota.

Bestanden har teke seg opp igjen i åra etter kvart utbrot.

I Noreg omfatta utbrotet i 1988 sel frå Oslofjordområdet  og heilt opp til kysten av Møre og Romsdal, med eir avgrensa utbrot noko lengre nord i 1989. Utbrotet i 2002 var avgrensa til områda aust for Lindesnes.

Tiltak

Det finst inga behandling mot selpest, og alvorleg sjuke selar bør avlivast av dyrevernomsyn. Daude dyr bør fjernast og destruerast for å hindra smittespreiing.

Menneske bli ikkje smitta av viruset, men fordi selane ofte daudar av sekundære bakterieinfeksjonar (streptokokkar), bør ein vera varsam når ein handterer kadaver.