Psoroptes ovis

Skabbmidden Psoroptes ovis er årsak til saueskabb, ein svært smittsam sjukdom hos sau, med stor økonomisk og velferdsmessig betydning. Midden kan også vera årsak til hudsjukdom hos storfe, hest, geit, kanin og kameldyr, men ikkje hos menneske. Saueskabb er utbreidd i store delar av verda, men blei utrydja i Noreg i 1894.

Sjukdom på grunn av Psoroptes ovis er ein liste 2-sjukdom i Noreg, og førekomst av eller mistanke om at midden finst i landet skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

P. ovis er ein kvit, rundt 1 mm lang midd, så vidt synleg. Den lever på hudoverflata og lever på flytande eksudat frå huda. Midden legg egg på huda, og desse blir klekte etter nokre dagar. Etter 10-11 dagar er ein heil livssyklus, medrekna eir larve- og nymfestadium, gjennomført.

Alle stadium er i stand til å overleva opptil 10 dagar utanfor verten, men vaksne homidd kan overleva i opptil 3 veker ved høg fukt og låg temperatur. Hoene lever i 4-6 veker på huda og legg i alt ca. 90 egg. P. ovis spreier seg frå dyr til dyr via direkte kontakt, men spreiing til nye dyr via eit ureina miljø og restar av infiserte ulldottar kan førekoma.

P. ovis har størst betydning for sau, men midden er også påvist hos geit, storfe, hest, kanin og kameldyr. Tidlegare blei Psoroptes midd rekna for å vera fleire artar, som ofte blei namngjevne etter dyrearten dei blei funne på. Morfologiske og genetiske undersøkingar har likevel konkludert med at det dreier seg om ein art – P. ovis. Ulike genotypar av P. ovis kan finnast på ulike vertsdyr (eller grupper av vertsdyr), og ulike stammer kan også ha ulik evne til å gi sjukdom hos vertsdyret.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

P. ovis er årsak til skabb hos sau. Skabb er ein allergisk hudbetennelse som viser seg i ei akutt og ei kronisk form. Tidleg i sjukdommen finn ein som oftast få midd og små lesjonar. Midden stikk hol i huda og syg i seg lymfe som lek ut på overflata. Dette fører til betennelsesreaksjonar med intens kløe, væskeutskiljing, gule skorper og ullavfall. Midden er lite aktiv gjennom vår, sommar og tidleg haust, mens lesjonane i huda er utbreidde om vinteren og kan dekka store delar av kroppen. Den intense kløen kan føra til sterkt redusert fôropptak.

P. ovis skabb kan også vera årsak til sjukdom på kroppen til storfe og hest, og øyreskabb hos hest, sau, geit og kameldyr. Teikna på øyreskabb er øyrebetennelse, hovudristing og kløe mot innreiing.

Diagnostikk

Dyr blir undersøkt for P. ovis ved å ta hudskrap frå affisert område, og prøven blir granska ved ulike teknikkar, som direkte mikroskopi og mikroskopi etter oppklaring i 10 % kaliumlut (KOH) og flotasjon. Når ein finn midd i prøva, blir denne identifisert på grunnlag av morfologi, og ved hjelp av diagnostiske kriteria og taksonomiske vurderingar. Ein kan også utføra genetiske undersøkingar.

 

Smittefare mellom ulike dyreartar

Lite er publisert i litteraturen om P. ovis og artsspesifisitet, og endå mindre om mogleg overføring mellom kameldyr og sau. Fleire forfattarar  har mistenkt at kameldyr kan vera donorar for midden til småfe og storfe. Veterinærinstituttet har difor tilrådd ei «føre var haldning» til mogleg overføring av P. ovis til andre husdyrartar. Ei mogleg overføring til og spreiing i sauepopulasjonen er vurdert som alvorleg og kostesam på grunn av storleiken på populasjonen og sauen sin betydning. Ein har også vurdert dette ut frå driftstilhøve i Noreg, med fellesbeite og vereringar.

Vinteren 2016/2017 blei eit podingsforsøk gjennomført ved Veterinærinstituttet og ved Moredun Research Institute i Skottland. P. ovis frå lamaøyre blei poda på sau. Resultata frå podingsforsøka tyder på at varianten av skabbmidd isolert frå lama ikkje så lett let seg overføra til sau.

Undersøkingane så langt gir ikkje grunnlag for å konkludera om P. ovis frå kameldyr kan overførast til og gi sjukdom hos sau, men resultata tyder på at smittefaren og sjukdomspotensialet er mindre enn frykta.

Genetiske studiar av midd frå ulike dyreartar vil kunna gi meir informasjon om det er mogleg å skilja P. ovis isolert frå ulike artar, og om ulike variantar gir varierande grad av kliniske symptom. Slik gransking er i gang ved Veterinærinstituttet og Moredun Research Institute.

Førekomst

Saueskabb er utbreidd i store delar av verda, mellom anna i Storbritannia og fleire andre land i Europa.

Den dominerande kjøtferasen i Belgia, Belgian Blue, ser ut til å vera spesielt disponert for angrep av P. ovis. Midden blir påvist i om lag 70 % av buskapane, og infeksjonen kan gi store kliniske og dyrevelferdsmessige problem.

P. ovis er rapportert å vera sjeldan førekomande hos alpakka og lama, men funn av midden er tidlegare påvist i Storbritannia, Nord- og Sør-Amerika. Hos lama og alpakka er midden først og fremst assosiert med øyreskabb, sjølv om meir generaliserte lesjonar og kløe kan førekoma. P. ovis blei fyrste gong påvist i prøver frå norske kameldyr i 2015, og per november 2017 er midden påvist i 15 flokkar med lama og alpakka. I ein av flokkane blei midden også påvist i øyra til ei dverggeit.

I dei fleste kameldyrbuskapane der P. ovis er påvist, er det funne relativt få midd, og berre i prøver frå eitt dyr. I enkelte tilfelle er talet på midd høgt, og dyra hadde betydelege kliniske symptom frå øyreregionen, og i nokre buskapar var fleire dyr råka.

Overvaking

Veterinærinstituttet overvaker førekomst av  P. ovis hos kameldyr. Overvakingsprogrammet blei etablert hausten 2016.

Tiltak

Funn av P. ovis blir karakterisert som ein liste 2-sjukdom hos småfe og kameldyr. Dyr kan behandlast, og det finst fleire verkestoff som kan brukast. Kva slags verkestoff og kva behandlingsform som skal nyttast må vurderast i høve til dyreart. Behandlinga må gjentakast. Alle affiserte dyr må behandlast samstundes, og smitta dyr må haldast borte frå andre mottakelege dyr i minst 3 veker etter siste behandling.

Medikamentell behandling og hygienetiltak har vist seg effektive for å utrydja P. ovis både frå alpakka- og lamabuskapar. Dei fleste positive flokkane er blitt behandla og restriksjonane oppheva av Mattilsynet etter ei tid. Til nå har ein ikkje observert tilbakefall i nokon av flokkane som er blitt behandla i tråd med pålegg frå Mattilsynet.