Raslesjuke

Raslesjuke er eit omgrep som omfattar to sjukdommar der årsaka er ulike artar av bakterien Clostridium.

Sjukdommane (miltbrannsemfysem/malignt ødem) viser seg ved kaldbrann og gassdanning i muskulatur og underhud. Skadane gir ein karakteristisk raslelyd når ein stryk over affiserte område av kroppen.

Smittestoff og smittevegar

Klostridiar (Clostridium spp.) er grampositive, sporedannande stavbakteriar som er strikt anaerobe (veks utan tilgang av luft/oksygen). Evna til å danna sporar (overlevingsform) gjer bakteriane svært motstandsdyktige mot ytre miljøpåverknader slik at dei kan overleva i årevis ute i naturen.

Dei to sjukdommane blir ikkje overført med smitte frå dyr til dyr.

Det er to ulike former for raslesjuke. Forma miltbrannsemfysem skuldast bakterien Cl. chauvoei. Bakterien kjem inn i mage/tarmsystemet via fôr ureina med jord. Sår i slimhinne er  inngangsport der bakterien går over i blodbanen og blir transportert til muskulaturen.

Ein har ikkje heilt forstått korleis sjukdommen oppstår, men truleg kan bakteriar (sporar) som ligg i ro i muskulaturen bli aktivert av til dømes ein muskelskade. Dette får bakterien til å byrja å formeira seg, og det utviklar seg kaldbrann med gassdanning i musklar, oftast i lårmusklar, tunge, svelg, mellomgolv og hjarte. Det er i første rekkje storfe og sau som blir råka, og storfe i alderen 6 månader til 2 år er mest utsette. Risikoen for sjukdom er størst i den varme årstida då dyra går på beite. Det er vel kjent at smitten kan bli liggjande i visse beite i årevis.

Den andre forma blir kalla malignt ødem og viser seg ved ein karakteristisk betennelse med gassdanning i underhuda. Årsaka kan vera fleire ulike klostridieartar. Hos storfe er Cl. septicum, Cl. novyi og Cl. perfringens vanlegaste årsaka til denne sjukdommen. Malignt ødem er ein typisk sårinfeksjon der djupe stikksår gir gode vekstvilkår for klostridiar. Sprøytestikk i samband med behandling og vaksinasjon kan vera årsak til sjukdommen. Ureint dyrehald aukar moglegheita for sårinfeksjonar. Til vanleg opptrer sjukdommen sporadisk slik at berre eitt dyr i buskapen blir sjukt, men buskapsutbrot kan førekoma. Alle husdyrartar i alle aldrar er mottakelege for sjukdommen.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Ved miltbrannsemfysem kan ein sjå bråe dødsfall utan tidlegare sjukdom. Typiske symptom er tydeleg haltheit med hevelse i lårmuskulaturen eller eventuelt i andre muskelgrupper.

Hevelsen er varm og smertefull i eit tidleg stadium, men blir etter kvart kald og kjenslelaus. Huda i det affiserte området blir misfarga og pergamentaktig. Dyret sluttar å eta, er tydeleg påkjent og har ofte feber og høg puls. I nokre tilfelle kan tunge og hjartemuskulatur vera angripen. Dyret daudar  i løpet 6 til 30 timar etter at ein såg symptoma. Nær 100 % av dei sjuke dyra stryk med av sjukdommen.

Ved malignt ødem dannar det seg ein tydeleg hevelse i området rundt eit infisert sår 1-2 døger etter ein infeksjon. Hevelsen kan spreia seg i underhuda til større delar av kroppen. Hevelsen kan innehalda gass som gir ein spesiell lyd ved berøring. Dyra er tydeleg påkjente, med høg feber og manglande matlyst. Dyra har ofte muskelskjelvingar og haltar. Dei vil oftast døy i løpet av eitt til to døger etter ein har sett dei første symptoma.

Klostridiane sin giftproduksjon fører til stor vevsskade og koldbrann i betente område, og denne produksjonen kan føra til at dyret døyr brått.

Ofte kan symptom og utvikling av sjukdom vera like, slik at det type agens som avgjer kva form dette er.

Obduksjonsfunn

  • Ved miltbrannsemfysem er angripne muskelgrupper mørkeraude til svarte og oppsvulma, snittflata verkar turr, og kan sjå metallisk, skinande ut ved ferske  snitt, og luktar harskt. Blodfarga væske som kjem frå muskulaturen inneheld ofte gassbobler. I tillegg kan ein finna varierande grad av endringar i indre organ.
  • Ved malignt ødem er det til vanleg kaldbrann i huda over angripne område, med tydeleg hevelse i underhuda og vev som grensar til betente område. Desse områda inneheld rikeleg med gul-raud væske som kan ha ein tyntflytande til gelatinøs konsistens. Væska inneheld som oftast gassbobler.

Diagnostikk

Diagnosen blir stilt på grunnlag av symptom, obduksjonsfunn og bakteriedyrking frå infisert muskulatur eller bindevev.

Førekomst

Begge former er utbreidd over heile verda. Miltbrannsemfysem er avgrensa til visse, geografiske område og kan opptre med relativt mange sjukdomsutbrot innan ein kort tidsperiode, særleg i område utsette for flaum.

Jord er smittereservoar for klostridiar.

Tiltak

Klostridieinfeksjonar hos ulike dyreslag er stort sett ikke lenger listeført, bortsett frå nekrotiserande enteritt hos svin der årsaka er Cl. perfringens type C, som er ein liste 2-sjukdom.

Når dyra er blitt sjuke er det som regel for seint med behandling, men ein kan prøva med store dosar penicillin.

Miltbrannsemfysem kan førebyggjast med vaksinering av friske dyr som skal ut på beite med kjent historie om sjukdommen. I slike område bør ungdyr i alderen 3-6 månader vaksinerast. I tillegg bør alle dyr i buskapen revaksinerast årleg før beiteslepp.

Har sjukdommen oppstått på beite, bør andre dyr på same beite flyttast til andre beiteområde.