Lusfluger

Lusfluger er ei gruppe blodsugande insekt som kan vera til stor plage for både dyr og menneske.

Hjortelusfluga breier seg stadig til nye område i Noreg.

Smittestoff og smittevegar

Hjortelusfluga og hestelusfluga er to lusflugeartar som begge kan angripe ulike dyreartar og menneske.

Hjortelusfluga (Lipoptena cervi) slepper vengene etter å ha slått seg ned på vertsdyret. Ho blir klekka om hausten og held til i kratt og liknande for å venta på eit naturleg vertsdyr, som elg, hjort eller rådyr. I enkelte strok er fluga til stor plage for hjorteviltet, særleg elg. Hjortelusfluga kan også slå seg ned på andre dyr, inkludert hest.

Hestelusfluga (Hippobosca equina) er eit læraktig ,ca. 8mm langt insekt med venger. Dei syg blod rundt endetarmsopninga, ved juret og på innsida av låra til hesten.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Det er til nå ikkje kjent om lusfluger kan påføra dyr i Noreg nokon spesifikk sjukdom, men dei kan vera ei plage fordi dei irriterer dyra og bitt er smertefulle og kan klø i fleire veker.

Lusfluger på menneske
Lusfluger kan slå seg ned på og bita menneske. Av og til kan bittstaden klø i fleire veker. Ein trur at slike reaksjonar kan skuldast infeksjon med ein bestemt bakterie (Bartonella schoenbuchensis). Les meir om flått og lusfluger hos Folkehelseinstituttet.

Diagnostikk
Veterinærinstituttet artsbestemmer lusfluger ved makroskopisk identifikasjon.

Førekomst

Førekomsten av hjortelusfluga har auka kraftig sidan første gong fluga blei sett i Noreg i 1983. Hestelusfluga er ganske sjeldan i Noreg.

Tiltak

Lusfluger kan plukkast av hestar og andre husdyr manuelt, eller ein kan bruka eit reseptbelagt lusemiddel.