Louping ill

Louping ill er ein flåttboren virussjukdom som i første rekkje råkar sau. Viruset kan også vera årsak til sjukdom hos rype, storfe, geit, gris, hest og menneske.

Hos sau kan sjukdommen visa seg på ulike måtar, frå svakt ukoordinerte rørsler til paralyse, koma og død innan eitt døger.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til sjukdommen er eit flavivirus som kan overførast med skogflått (Ixodes ricinus). Viruset høyrer til i ei gruppe, tick-borne encephalitis virus (TBEV), som kan overførast med skogflått i nordlege, tempererte område. I denne gruppa av virus finn ein også variantar som er årsak til skogflåttencefalitt (TBE) hos menneske.

Sau er det viktigaste vertsdyret for Louping ill-virus, men viruset kan også overførast frå andre drøvtyggjarar. I Skottland har ein sett at sjukdommen kan føra til mange dødsfall hos ville ryper og såleis regulera bestanden av desse fuglane. Harar ser ikkje ut til å bli sjuke, men kan overføra viruset frå flått til flått.

Sjukdommen kan i sjeldne tilfelle smitta til menneske. Det er særleg laboratoriepersonell, veterinærar, slakteriarbeidarar og røktarar som kan vera utsette for smitte. Louping ill-viruset kan også overførast på andre måtar enn ved flått, som via mjølk eller vev frå infiserte dyr. Ein veit lite om kor lenge flavivirus overlever i miljøet utanfor flåtten.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sauer i alle aldrar kan bli råka, sjølv om ein oftast ser sjukdommen hos lam og årsgamle sauer i område der sjukdommen har etablert seg. Inkubasjonstida er 6-18 dagar, og deretter følgjer ein feberperiode på 2-3 dagar, med temperatur opp til 41.5 °C. Temperaturen går så tilbake til det normale, og ein del sauer frisknar til etter feberfasen.

Dyr som viser nervøse symptom vil gå inn i ein ny feberfase. Dei vil fjerna seg frå flokken, bli ståande med heva hovud og få rykkingar i lepper og nasebor. Dei kan få skjelvingar i muskulaturen, og musklane i nakke og bein kan bli stramme og harde. Dette fører til stive rørsler og eit spesielt ganglag som har gitt namn til sjukdommen. (Loup - gammalt norsk ord for å hoppa, byksa.)

Manglande koordinering av rørslene ser ein helst i bakparten. Dyra kan reagera sterkt på høge lydar og på berøring. Ein del av dei sjuke dyra kan bli friske igjen etter nokre dagar, mens hos andre kan tilstanden forverra seg slik at dyra blir paralyserte, går over i koma og daudar i løpet av få dagar. Små lam kan brått stryka med utan teikn på sjukdom.

Infeksjon med ein annan flåttboren sjukdom (sjodogg, årsak Anaplasma phagocytophila), i tillegg til Louping ill, kan forverra sjukdomsbiletet. Hos storfe er symptoma like dei ein ser hos sau. Hos geit kan listeriose vera ein aktuell differensialdiagnose.

Hos ryper kan dødelegheita vera høg, og særleg kyllingar kan vera utsette.

Louping ill-virus kan overførast til menneske og vera årsak til sjukdom som liknar skogflåttencefalitt, TBE. Sjukdomstilfelle er kjende frå Skottland, men er ikkje sett i Noreg. Pasientar med louping ill kan vera serologisk negative for TBEV. Dei fleste tilfella er funne hos menneske som har vore i nær kontakt hos sau. Symptoma viser seg 2-8 dagar etter eksponering og kan vera influensa-liknande. Sjukdommen er sjeldan fatal.

Diagnostikk

Diagnosen er vanskeleg å stilla på grunnlag av kliniske funn åleine fordi andre sjukdommar i sentralnervesystemet kan visa liknande symptom. Ein sikker diagnose kan stillast ved påvising av virus frå hjernemateriale eller frå blod i febril fase, og ved stigande nivå av antistoff mot virus i ein parprøve..

Ved mistanke om utbrot av louping ill hos sau eller rype bør ein senda inn daude/avliva dyr til obduksjon. Prøvane vil bli analyserte  i utlandet.

 

Førekomst

Inntil for nokre år sidan trudde ein at sjukdommen fanst berre på dei Britiske øyane, men i dei seinare åra er den blitt diagnostisert på sau i Sunnhordland og på Sørlandet, siste gong i 1991. Spreiing av infisert flått frå utlandet har truleg vore årsak til desse utbrota. Nyare gransking har vist at viruset framleis finst i naturen, men det er ikkje meldt om sjukdom verken hos dyr eller menneske.

Utbreiinga av louping ill hos sau i Noreg er lite kjent fordi diagnostikken er vanskeleg, men den er truleg lite utbreidd.. Louping ill-virus er også påvist i Spania, Bulgaria og Tyrkia. Sjukdommen finst berre i område med flått og blir overførd i den varme årstida når flåtten er aktiv.

Tiltak

Louping ill er ein liste 3-sjukdom. Det finst inga spesifikk behandling mot sjukdommen. Vaksinering er eit effektivt førebyggjande tiltak.

Ektoparasitt-behandling har ikkje god nok effekt fordi ein ikkje klarer å behandla dyra ofte nok.

Reduksjon av flåttbestanden ved å rydda beitene og å la dyra beita i flåttfrie område kan vera viktig for å hindra utbrot av sjukdommen.