«Laksepox»

«Laksepox» er ein gjellesjukdom som er funnen hos norsk oppdrettslaks sidan 1995. Eit koppevirus (Salmon gill poxvirus) er sett i samanheng med sjukdommen. Dette blei karakterisert ved Veterinærinstituttet i 2015.

Sjukdommen kan opptre ulikt og det uttrykket som er lettest å kjenne igjen er har eit dramatisk forlaup med store tap i setjefiskfasen. Det er vist at laks i alle faser av produksjonen, frå yngel til slaktefisk kan bli råka av «laksepox».

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til sjukdommen (Salmon gill poxvirus disease – SGPDV) er Salmon gill poxvirus (SGPV) som er eit stort DNA-virus. Dette er utviklingsmessig det eldste kjende koppevirus frå virveldyr. Viruset infiserer gjellene hos atlantisk laks både i oppdrett og hos villlaks. Ein annan type poxvirus er påvist på gjeller hos karpefisk.

Så langt vi veit er det berre Atlantisk laks som blir smitta av laksepox virus. Veterinærinstituttet har etablert eit verktøy som brukast for å seie noko om slektskap mellom poxvirus frå ulike lokalitetar. Denne metoden er nyttig i samband med sporingsarbeid, og Veterinærinstituttet oppfordrar fiskehelsetjenester og andre som har mistanke om laksepox om å sende inn materiale slik at desse kan sjekkast med denne metoden. Resultata frå smitteforsøk tyder på at vertikal overføring av laksepoxvirus ikkje er en viktig smittevei, mens viruset smitter særs effektivt horisontalt.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

«Laksepox» kan ha eit akutt sjukdomsforlaup med store tap hos laks i setjefiskfasen. Respirasjonsvanskar er eit typisk tegn. Sjukdommen råkar ofte dei fleste fiskane i eit kar, og sjukdommen kan spreia seg frå kar til kar i anlegget.

Viruset angrip gjellene, og skadane som oppstår kan kompliserast med sekundære infeksjonar. I tilfelle der andre agens ikkje gir sekundære infeksjonar, er det få obduksjonsfunn. Av og til finn ein litt bleike gjeller og litt svullen milt. Tarmane er ofte tomme for innhald, noko som tyder på appetittsvikt.

Biletet over viser gjelle frå laks som er infisert med laksepoxvirus. Pilene viser epitelceller som er i ferd med å falla av fordi dei er apoptotiske (ei spesiell form for celledød). Endringane er svært karakteristiske for «laksepox».

Poxvirus-infeksjon hos menneske (koppevirus) skuldast eit anna virus enn «laksepox»-virus. «Laksepox»- viruset manglar komponentar som trengst for å gi sjukdom hos menneske.

Diagnostikk
Infeksjon med «laksepox»-virus kan påvisast først og fremst med real-time PCR.

Sjukdomsdiagnosen kan bekreftast ved obduksjon og histologisk gransking. Funn av apoptotiske epitelceller i gjellene er svært karakteristisk for sjukdommen. I enkelte tilfelle kan ein sjå teikn på massiv nedbryting av blod. Veterinærinstituttet har også etablert ein immunhistokjemisk metode som fargar viruspartiklar i epitelceller i gjellene.

Ved mistanke om gjelleproblem bør ein senda inn materiale både for histologi og PCR.

 

Førekomst

Dei spesifikke endringane ein kan sjå ved «Laksepox» har vore kjende sidan 1995.

Sjukdommen finst både i ferskvatn og sjøvatn og i alle delar av Noreg

Sjukdommen er også rapportert frå Færøyane.

Tiltak

Sidan «laksepox»-viruset er nyss beskrive, har ein ikkje kunnskap nok om korleis ein kan hindra smittespreiing.

Oppdrettarar som er kjent med tilstanden stoppar fôringa, hevar oksygenet og unngår å stressa fisken, for å redusera risikoen for massedød når dei får mistanke om «laksepox».