Kaldtvassvibriose

Kaldtvassvibriose (kaldtvannsvibriose) – tidlegare kalla «Hitrasjuke» skuldast bakterien Vibrio salmonicida.

På 1980-talet var kaldtvassvibriose det største sjukdomsproblemet i norsk lakseoppdrett. Vaksine mot sjukdommen blei introdusert på slutten av 80-talet. Dei siste 15 åra har det vore frå ingen til få tilfelle kvart år.

Smittestoff og smittevegar

Kaldtvassvibriose – tidlegare kalla «Hitrasjuke» skuldast bakterien Vibrio salmonicida (synonym Allivibrio salmonicida). Dette er ein fakultativt anaerob Gramnegativ stavbakterie som veks best ved låge temperaturar (15 °C). Det er ein rein marin organisme som treng tilsett salt i mediet for å veksa. V. salmonicida kan reknast som lite virulent i og med at det trengst relativt høge infeksjonsdosar for å gi sjukdom, men ulike isolat kan ha ulik virulens.

Det naturlege reservoaret for bakterien er ikkje kjent, men den er påvist både i vatn og sediment i nærleiken av affiserte anlegg. Når smitten etablerer seg i ein laksepopulasjon skjer det truleg ei oppformeiring i fisk, med aukande smittepress og utvikling av sjukdom som resultat.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Utbrot av kaldtvassvibriose vil i typiske tilfelle ha ei subakutt utvikling som startar med at fisken misser matlysta og det det dukkar opp svimarar. Dagleg tap vil til vanleg vera lågt i fyrstninga, men kan auka gradvis over tid. Samla dødelegheit kan bli svært høg om utbrotet ikkje blir behandla. Typiske utvendige sjukdomsendringar er bleike gjellar og punktforma blødingar i huda, særleg under buken og ved finnebasis. I bukhola kan ein finna blodfarga væske og blødingar i symjeblære og feittvev. Levra er lys, frå gråbrun til gul.

Diagnostikk
Eit obduksjonsbilete som viser generell blødingstendens og anemi og misfarga lever, er indikasjonar på kaldtvassvibriose, spesielt dersom sjukdomsutbrotet førekjem ved låg sjøtemperatur. Diagnosen kan bekreftast ved dyrking av bakterien og/eller påvising av agens i histologiske snitt frå ulike organ (hjarte, milt, lever, nyre) ved bruk av immunhistokjemi.

Som differensialdiagnose kan ein tenkja på andre bakterieinfeksjonar, som klassisk vibriose, men denne infeksjonen skjer helst ved stigande og relativt høge vasstemperaturar. Infeksiøs lakseanemi (ILA) gir også generelle blødingar.

Førekomst

Utbrot av kaldtvassvibriose blei første gong beskrive frå Finnmark i 1977. Sjukdommen blei stadig viktigare til ein topp i 1987, med ca. 200 utbrot (tal basert på prøvemateriale innsendt til Veterinærinstituttet). Då tok ein i bruk vaksine, og talet på utbrot gjekk gradvis ned, til det frå slutten av 1990-talet har vore svært få utbrot pr. år.

I 2012 blei så diagnosen kaldtvassvibriose stilt på 18 oppdrettslokalitetar frå Nord-Trøndelag til Finnmark. Årsaka til den store auken kan vera knytt til vaksine og vaksinasjonsstatus, men eit større smittepress av ukjent årsak kan også vera ein del av forklaringa.

I 2013 var talet på utbrot også høgt (13 lokalitetar, alle i Nord-Noreg), men det har ikkje vore utbrot sidan då.

Kaldtvassvibriose er først og fremst ein sjukdom hos Atlantisk laks, men regnbogeaure og torsk kan også få utbrot når smittepresset blir stort. Då sjukdommen var hyppigast, var førekomsten nokså stabil frå år til år i dei nordlegaste fylka, mens talet på utbrot i Midt-Noreg og på Vestlandet kunne variera sterkt.

Sjukdommen er også beskriven frå Færøyane, Skottland og austkysten av Canada og USA. Utbrot finn oftast stad ved låge vasstemperaturar, med topp på ettervinter og vår. Når sjukdommen er etablert i eit anlegg, kan tapa halda fram med stigande vasstemperatur, og også koma attende etter midlertidig stopp når temperaturen går ned igjen om hausten og tidleg vinter.

Tiltak

Utbrot av kaldtvassvibriose kan behandlast med antibiotika. Tidlegare blei tetrasyklin, Trimethoprim/sulfamethoxazol og furazolidon brukt i store mengder, og bakterien utvikla resistens mot desse legemidlane. Oxolinsyre, flumequin og florfenicol er dei mest aktuelle antibiotika til behandling av kaldtvassvibriose nå.

V. salmonicida er kjent for å lett utvikla resistens, og ein bør difor vera varsam med å bruka antibiotika. Oppstår det utbrot hos fisk som er stor nok til å bli slakta, bør ein vurdera naudslakt. Antibiotikabehandling ved låge sjøvasstemperaturar medfører lange tilbakehaldsfristar for slakting.

Frå slutten av 1980-talet har vaksinar blitt brukte mot kaldtvassvibriose med god effekt. Først blei dyppvaksinar gitt to gonger med nokre vekers mellomrom, men då ein tok i bruk vaksinar med oljeadjuvans mot furunkulose, blei det utvikla polyvalente injeksjonsvaksinar der V. salmonicida inngjekk som ein komponent. Desse vaksinane, blir gitt til setjefisken i god tid før den blir sett i sjøen, og dei har gitt tilnærma full kontroll med dei bakteriesjukdommane som inngår i vaksinen. Så godt som all laks som blir sett i sjøen er vaksinert.

Dei få tilfella av kaldtvassvibriose på laks i dei siste åra har i dei fleste tilfella vore på slaktemoden fisk, truleg fordi immuniteten har minka på grunn av at det har gått lang tid sidan vaksineringa Auken i talet på tilfelle i dei siste åra har også råka mindre fisk, noko som tyder på at tilhøve knytte til vaksinasjonsstatus har vore medverkande.