Infeksiøs laryngotrakeitt

Infeksiøs laryngotrakeitt (ILT) er ein smittsam luftvegssjukdom hos fjørfe, ein sjukdom som er endemisk i mange land. I Noreg finn me sjukdommen stort sett i flokkar med hobbyfjørfe. ILT er ikkje årsak til sjukdom hos menneske.

ILT er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om ILT skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til ILT er eit alfaherpesvirus (ILTV), eit kappekledd DNA-virus. Ulike ILT virusstammer har svært varierande evne til å gi sjukdom (virulens). Latente ILTV-infeksjonar oppstår som ved alle andre herpesvirusinfeksjonar.

Viruset blir lett inaktivert med vanlege desinfeksjonsmidlar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjuke fuglar får dyspné med hoste og rallelyd i luftvegane. Dei står med ope nebb, lukka auger og utstrekt hals, og prøver å pusta. Dei hostar opp blodig sårvæske og ristar på hovudet. Interiøret kan bli tilsølt med blodig eksudat. Mildare former for ILT gir svak luftvegsinfeksjon og konjunktivitt (hornhinnebetennelse) med hovne auger. Appetitten er redusert og eggproduksjonen går ned i flokken.

Mange dyr blir sjuke i flokkar som ikkje har vore smitta før. Mange dyr kan døy (50-70 %), men det vanlegaste er 10-20 %. Utbrotet kan vara i 2-6 veker på grunn av at smitte spreier seg sakte.

Ein kan sjå typiske endringar i strupehovudet og luftrøyret, med hemorragisk betennelse i slimhinnene og blodig eksudat i lumen. Sjølvdaude fuglar har ofte ein plugg av pseudomembran/fibrinopurulent eksudat som fører til kveling. I mildare utbrot ser ein berre katarralsk konjunktivitt og biholebetennelse.

Med mikroskopisk gransking kan ein i den akutte fasen av infeksjonen sjå intranukleære inklusjonslekamar og syncytia av epitelceller i luftrøyret. Desse inklusjonslekamane er patognomoniske for sjukdommen. Dersom ein ikkje får fuglar med akutt infeksjon til undersøking, kan ein gå glipp av desse inklusjonane. Ein kan laga utstryk frå luftrøyret på objektglas, fiksera og farga for raskt å sjå etter desse endringane.

Diagnostikk

Obduksjon av fleire fuglar kan gi ein rask og sikker diagnose av akutt sjuke fuglar og funn av typiske endringar i luftvegane. Med immunhistokjemisk metode kan ein påvise viralt antigen i utstryk.

Serologisk undersøkelse av blod eller egg gjer ein ved indirekte ELISA. Virusisolasjonstest kan kan ein gjer i primære cellekulturar eller embryonerte kylling egg. PCR-metoder kan nyttast til å oppdage virus i luftrøyret.

Påvisning av virus i elektronmikroskop (EM) er ein alternativ diagnostisk metode, men ikkje så vanlig i rutinediagnostikk.

Førekomst

I Noreg har ikkje ILT vore diagnostisert i kommersielt fjørfehald sidan 1971, men etter 1998 har ein sett fleire utbrot kvart år i hobbyflokkar.

I Danmark fann ein ILT i hobbyflokkar i 1993, og sjukdommen har sidan vore diagnostisert i nokre små frittgåande kyllingflokkar kvart år. I Sverige blei det første ILT-utbrotet oppdaga i Dalarna i 1996, og dei har sidan det hatt nokre utbrot i bakgardsflokkar kvart år. Eit tilfelle av ILT er registrert i økologisk eggproduksjon i Sverige.

Epidemiologiske studier både i Sverige og Noreg har vist at handel med infiserte symptomfrie dyr og deltaking på utstillingar er vanlege årsaker til smitte.

Overvaking

Vi har hatt eit overvakingsprogram i Noreg sidan 1998. Det blir kvart år teke blodprøvar i alle kommersielle avlsflokkar for undersøking for antistoff mot ILT.

Gå til overvakningsprogrammet

Tiltak

ILT er ein liste 2-sjukdom. I mange land blir sjukdommen førebygd med vaksinasjon (levande vaksine) i endemiske område. I Skandinavia har ein stolt på strenge hygienereglar for å verna kommersielle fjørfeflokkar mot smitte frå hobbyflokkar.

Hobbyfjørfeholdet kunne ha førebygd sjukdommen med eit helseprogram for å hindra spreiing av smitte via handel og utstillinger, men dei har ikkje klart å bli samde om eit slikt program. Infeksjonen blir ikkje overført med egg og det er derfor tryggare å kjøpa befrukta egg enn levande fuglar.