Fransk hjarteorm

Parasitten fransk hjarteorm (Angiostrongylus vasorum) er årsak til alvorleg sjukdom hos dyr i hundefamilien

Parasitten blei første gang påvist i Noreg – hos raudrev - i mars 2016. Fransk hjarteorm må ikkje forvekslast med hjerteorm (Dirofilaria immitis), ein parasitt som i Europa helst finst i landa rundt Middelhavet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til infeksjon med fransk hjarteorm er nematoden Angiostrongylus vasorum.

Parasitten har ein indirekte livssyklus, og har ulike sniglar som mellomvert og dyr i hundefamilien (hund, rev, ulv) som hovudvert. Parasitten trivst best i mildt og fuktig klima.

Hundedyr blir smitta ved å eta smitta sniglar eller ved å få i seg snigleslim med parasittlarvar i. Larvene vandrar frå tarmen via lymfekar til høgre hjartekammer og lungearteriane. Her utviklar larvene seg til vaksne parasitter som er 14-25 mm lange.

A .vasorum ho-ormar produserer egg som blir førde til små blodkar i lungene der dei blir klekte. Deretter vandrar larvene ut i lungevevet. Dei blir hosta opp, svelgde og kjem ut i avføringa. Parasitten treng å finna ein passande snigleart for å utvikla seg vidare til smittsame larvar.

Det tek 6-7 veker frå hunden blir smitta til han skil ut larver i avføringa. Vaksne parasittar kan leva minst to år i hovudverten.

Fransk hjarteorm smittar ikkje til menneske.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Dei vaksne parasittane lever i høgre hjartekammer og lungearteriane, og kan gi pustevanskar, sirkulasjonsproblem og død.

Symptoma hos smitta hundar kan variera frå ingen til milde (hoste og lettare trøyttleik) til alvorlege (hosting og pustevanskar, blødingar, blodig naseflod, bakbeinsparese, hjartesvikt og kollaps). Symptoma kan gradvis bli verre.

Angiostrongylose hos hund er som regel ein kronisk tilstand som utviklar seg og blir forverra i løpet av månader og år. Typisk er at dyra blir sløve, får tung hoste og/eller rask pust. Nokre hundar får symptom på grunn av blødingar. Bløding og utvikling av tromber (blodproppar) han raskt gi alvorlege skader i ulike organ.

Diagnostikk

Larver (førstestadiumslarver – L1) av fransk hjarteorm kan påvisast i avføringa. Larvene blir ikkje skilde ut i avføringa heile tida, og ein bør difor undersøka ei 3-dagars samleprøve av avføring fordi dette aukar sjansen for å påvisa larvene.

Påvising av antistoff mot parasitten og molekylære metodar for å påvisa A. vasorum i blod er blitt brukte i forsking, og det finst ein kommersiell hurtigtest tilgjengeleg på marknaden.

Påvising av parasitten i fersk avføring blir likevel rekna for å vera den sikraste måten til å diagnostisera fransk hjarteorm på.

Veterinærinstituttet undersøker prøver frå hund for påvising av larver i avføring og vidare artsidentifisering av larver basert på morfologi (utsjånad) og molekylære metodar.

 

Førekomst

A. vasorum blei påvist i Noreg for første gang i mars 2016 hos ein raudrev, og har siden blitt påvist hos hund i Norge. Utbredelsen  hos hund i Norge er ukjent, men innlandssmitte er påvist (i 2023).

Parasitten er blitt påvist i aukande tal i våre granneland, Sverige og Danmark, i dei seinare åra, både hos hund og raudrev .Den er også utbreidd elles i Europa og i nokre land i Nord- og Sør-Amerika og Afrika.

I samband med det første funnet av fransk hjarteorm i Noreg blei det laga ei grundig nyheitssak som inneheldt video med ekspertintervju. Les saka og sjå videoen her.

Overvaking

I 2016 starta eit overvakingsprogram på raudrev felt under jakt. Dei fyrste resultata frå programmet vil bli publiserte i 2017.

Tiltak

Det er viktig å hindra at smitta hundar skil ut larver som kan infisera sniglar og føra til utbreiing av parasitten i norsk natur. Difor blir det tilrådd at hundar som er i område der fransk hjarteorm finst blir behandla med preparat mot parasitten. Preparat mot bendelorm (som berre inneheld praziquantel) og som det er krav om behandling med ved innreise til Noreg, er ikkje verksame mot fransk hjarteorm. Det er også viktig å plukka opp hundeavføring i hagen/ kennel/ uteområde for å hindra smitteoverføring frå hovudverten til sniglar.

Dersom ein mistenkjer at hunden kan vera smitta med fransk hjarteorm, bør ein få undersøkt avføringsprøve frå hunden. Ta då kontakt med veterinær.

Prognosen er i mange tilfelle god for hundar som er smitta med A. vasorum. Svært sjuke hundar kan trengja støttebehandling og/eller intensivbehandling i tillegg til behandling mot sjølve parasitten. Når mange ormar døyr på same tid, til dømes i samband med behandling mot parasitten, kan hunden bli dårlegare og treng støttebehandling. Det er viktig at hunden får kvila i behandlingsperioden, sjølv om den verkar frisk.

Spørsmål og svar

Her finner du vanlige spørsmål og svar om fransk hjarteorm.