Hudvorter hjå hjortedyr

Vorter i huda (fibropapillomatose) er ein relativt vanleg sjukdom hjå elg, særleg hjå unge dyr. Dei siste åra har hudvorter også blitt funne hjå hjort på Vestlandet.

Hudvorter skuldast infeksjon i huda med ulike vortevirus (papillomavirus). Elg og hjort smittast med ulike typar virus som ikkje rammar andre dyreslag eller menneske. Lidinga er godarta, men hjå elg ser ein av og til alvorlege tilfelle.

Smittestoff og smittevegar

Hudvorter skuldast ulike typar papillomavirus. Elgvorter er årsaka av eit virus som berre smittar elg (EEPV - European Elk Papilloma Virus, tilhøyrande Deltapapillomavirus 1). Analysar av hudvorter frå norsk hjort har påvist eit papillomavirus som er ulikt elgen sitt og som finnest hjå hjort og rådyr elles i Europa. Dette tilhøyrer Deltapapillomavirus 5.

Vortevirus smittar frå dyr til dyr og etablerar seg i huda via rifter og små sår. Truleg kan virus også overførast mekanisk med ulike stikkande insekt.

Vortevirus hjå elg og hjort smittar ikkje til menneske eller andre dyreslag.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Smitta dyr utviklar vorteliknande knutar i huda og sjukdomen er også kalla fibropapillomatose. Vortene førekjem enten enkeltvis, i grupper, eller meir sjeldan spreidd utover heile kroppen (generalisert form). Vortene er som oftast hårlause og av varierande storleik, med ei glatt (fibrom) til meir ruglete og vorteliknande (papillom) overflate. Vortene kan variera i farge, men er ofte brunsvarte og i enkelte høve er dei dekka av mørke skorper.

Vanlegvis vil elgen utvikla motstandskraft (immunitet) mot viruset og etterkvart kvitta seg med vortene, men dette kan ta lang tid (månader og år). Vi har mindre kunnskap om sjukdomsforløpet hjå hjort, men det liknar truleg elgens.

Hudvorter er normalt ei godarta liding, men ved den generaliserte forma med store mengder vorter på kroppen, kan dyret sin helsetilstand verta redusert, og det kan døy i ein avkrefta tilstand. Slike dyr har ofte tilleggsinfeksjonar (sekundærinfeksjonar) med sopp eller bakteriar i vortene. Slike alvorlege tilfelle er registrert hjå elg.

Diagnosen er vanlegvis lett i stilla på grunnlag dei typiske hudendringane, og kan stadfestast gjennom laboratorieundersøkingar.

Førekomst

Hudvorter er ein relativt vanleg sjukdom hjå elg her i landet, særleg hjå unge dyr. Sjukdommen finnest også i Sverige.

Her i landet vart hudvorter hjå hjort første gong rapportert i 2019 frå Vestlandet og det vart påvist eit Deltapapillomavirus 5 som også finnest hjå hjort og rådyr i andre europeiske land. Kartlegging basert på jegerovervaking i regi av Helseovervakingsprogrammet for vilt (ViltHOP) har så langt påvist sjukdommen hjå hjort i Vestland fylke (Hordaland) og nord i Rogaland.

Overvaking

ViltHOP overvakar spesielt utbreiinga av vorter hjå hjort, sidan dette er ein ny sjukdom her i landet. Status for utbreiing blir publisert i årsrapporten for ViltHOP. Veterinærinstituttet ynskjer også tilbakemelding dersom vorter blir funne på rådyr og villrein.

Tiltak

Dyr med hudvorter som vert felt under jakt, kan godkjennast som slakt dersom dyret er i normalt hald, og ikkje har andre teikn på sjukdom.

Dyr som har den generaliserte forma, og i tillegg er avmagra, bør avlivast av dyrevernomsyn og kasserast som menneskemat.

Rapportar

→ Helseovervåkingsprogrammet for vilt (ViltHOP)