Spørsmål og svar om CWD

Kva er Chronic Wasting Disease?

Chronic Wasting Disease (CWD) høyrer til ei gruppe av smittsame sjukdommar kjent som overførbare spongiforme encefalopatier (Transmissible Spongiform Encephalopathies - TSE). Det finnest ulike typar av TSE-sjukdom som rammar ulike dyreartar, mellom anna skrapesjuke (scrapie) hjå sau og geit, BSE (kugalskap) hjå storfe og CWD hjå hjortedyr.

Hjernen til hjortedyr som er ramma av CWD degenerer og hjernevevet får ein karakteristisk svampaktig (spongy) utsjånad når ein ser på det i mikroskopet. Sjukdommen gir avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte rørsler, tap av kroppsfunksjonar og død.

Kva er årsak til CWD?

Smittestoffet ved prionsjukdommar er eit protein kalla prionprotein. Generelt kan proteiner ha ulik form (struktur) på grunn av ulik falding av aminosyrekjeda som dei er bygd opp av. Prionprotein med normal form finnest normalt i hjernen hjå alle dyr. Smittestoffet ved prionsjukdommar er prionprotein med ei sjuk (unormal) form. Når eit dyr blir smitta med den sjuke forma, påverkar dette normale prionprotein hjå det smitta dyret, til å endra form til den sjuke forma. Den sjuke forma av prionprotein let seg ikkje bryta ned av kroppen sine enzym og hopar seg opp (akkumulerer) i hjernen og dette er truleg med på å øydeleggja hjernevevet. Den sjuke forma av CWD prionprotein kan smitta vidare til andre dyr ved at det vert skilt ut i spytt, urin og avføring.

Kva dyreartar er ramma av CWD?

I Nord-Amerika er det fire artar innan hjortefamilien som er naturleg mottakeleg for CWD: nordamerikansk kronhjort, såkalla «elk», (Cervus elaphus nelsoni), mulhjort (Odocoileus hemionus), kvithalehjort (Odocoileus virginianus) og nordamerikansk elg (Alces alces shirasi). CWD vart i 2016 påvist på villrein (Rangifer tarandus tarandus) og elg (Alces alces) i Noreg.

Påvisinga av CWD på ein villrein i Nordfjella er den første påvisinga av naturleg sjukdom på rein i verda. Dei tre norske tilfella på høvesvis villrein og elg, er dei første påvisingane av denne sjukdommen hjå hjortedyr i Europa. Tydinga og utbreiinga av CWD i norske hjorteviltpopulasjonar er så langt ukjent og vil krevje oppfølgjande undersøkingar. Så langt er sjukdommen påvist på rein og elg i Noreg, men det er viktig å vera merksam på CWD hjå dei andre to hjortedyrartane våre også; hjort og rådyr.

Kor mange dyr er smitta i Noreg?

Informasjon om status for skrantesjuke finnest i telleren som ligg i øvre del på denne sida.

Kan husdyr få CWD?

Det er ingen rapporterte tilfelle av naturleg overføring av CWD frå smitta/sjuke hjortedyr til husdyr. Storfe, sau og andre husdyr ser dermed ut til å vera resistente mot naturleg smitteoverføring frå hjortedyr med CWD (høg artsbarriere).

Kan kjæledyr eller rovdyr få CWD?

Det er ingen rapporterte tilfelle av naturleg overføring av CWD frå smitta/sjuke hjortedyr til hund og katt, eller ville rovdyr.

Kan menneske få CWD?

I Nord-Amerika har CWD vore kjent hjå hjortedyr i 50 år, og det er ikkje påvist smitte frå hjortedyr til menneske. Det er viktig å poengtera at CWD er ein annan sjukdom enn BSE (kugalskap) som kan smitta til menneske. Mattryggleiken i Noreg blir ivareteken av Mattilsynet, og det regelverk dei handhevar. Meir informasjon om emnet finnest på deira nettsider

Korleis blir CWD spreidd?

Ein veit ikkje heilt eksakt korleis CWD blir overført. Smittestoffet kan truleg overførast både gjennom direkte kontakt mellom sjuke og friske dyr, og via avføring, urin og spytt frå CWD sjuke dyr. Overføring frå mordyr til foster kan skje, men vert rekna som mindre viktig.

Inkubasjonstida (tida mellom kontakt med smittestoffet til dyret viser sjukdomsteikn) ved CWD er svært lang. Den kortaste inkubasjonstida frå infeksjon til klinisk sjukdom er om lag 16 månader. Maksimal inkubasjonstid er ukjent. Ein veit ikkje når dyret byrjar å skilja ut smittestoffet.

Smittestoffet overlever svært lengje i miljøet (beitet) og dette gjer det vanskeleg å utrydda sjukdommen, både frå hjortedyroppdrett og i ville hjortedyrpopulasjonar.

Flytting av levande hjortedyr er ein av dei største risikofaktorane for spreiing av sjukdommen til nye område. Naturleg vandring av viltlevande hjortedyr bidreg til spreiing av sjukdommen i Nord-Amerika.

Kva slag sjukdomsteikn gir CWD?

CWD opptrer mest vanleg hjå vaksne dyr, men kan også førekomma hjå åringar. Sjukdommen er snikande og alltid dødeleg.

Det mest tydelege og vanlegaste sjukdomsteiknet er gradvis vekttap. Hjortedyr med CWD fortset å eta, men mengda mat dei et minkar, noko som fører til gradvis tap av kondisjon/hald. Auka drikking og urinering er vanleg i sluttfasen av sjukdommen.

Unormal oppførsel opptrer også i dei fleste tilfelle, inkludert ukoordinerte rørsler, mindre kontakt/interaksjonar med andre dyr, dyret blir sløvt, kan stå med senka hovud og ha stereotypi i form av gjentekne repetisjonar av eit spesielt rørslemønster. Auka spyttsekresjon, sikling og skjering av tenner er også observert.

Korleis blir CWD påvist/diagnostisert?

Diagnosen CWD kan ikkje stillast på grunnlag av kliniske sjukdomsteikn åleine, sidan andre lidingar kan likna på dei ein ser ved CWD. Per i dag finnest det ikkje nokon praktisk test for bruk på levande dyr. Den einaste sikre måten å stilla diagnosen på er ved laboratoriegranskingar av hjernevev etter at dyret er dødt.