Bovin virusdiaré 

BVD er ein virussjukdom hos drøvtyggarar, i hovudsak storfe.

I 1994 var det nesten 3000 besetningar med *BVD i Noreg, men etter eit vellukka bekjempingsprogram blir rekna Noreg som fritt for virussjukdommen BVD. Siste påvising var i 2005. 

BVD er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til BVD er eit bovint virusdiarévirus (BVDV) som tilhøyrer genus pestivirus.

Sjukdommen blir oftast spreidd ved nærkontakt mellom dyr, spesielt slike som kjem frå smitta buskapar der sjukdommen ennå ikkje er oppdaga.

Blir ein nyfødd kalv infisert etter ca. fire månader av drektigheita, vil kalven ha smitten heile livet, og vera ei smittekjelde for andre dyr. Nokre vil veksa opp og føda nye kalvar. Desse vil bli persistente smitteberarar.

Persistent infiserte kalvar er hovudkjelda for smitte til andre dyr.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

BVDV er årsak til «mucosal disease» og «hemorragisk syndrom», men dei viktigaste sjukdomsteikna finst i fosteret til drektige dyr.

Vaksne dyr som får infeksjonen klarer som oftast den akutte fasen utan store konsekvensar, men infeksjonen gir nedsett appetitt, redusert mjølkeproduksjon, diaré, og dessutan fosterdød og misfosterutvikling hos drektige dyr som blir smitta, spesielt om dei blir smitta før fire månader inn i drektigheita.

Førekomst

Ein reknar Noreg for å vera fritt for BVD, og alle nordiske land har dei siste åra gjennomført systematisk arbeid for å bli kvitt BVD-viruset.

BVD er framleis eit stort problem i mange land over heile verda.

Overvaking

Eit program for å rydda ut BVD blei starta i 1992, og talet på buskapar med offentlege restriksjonar fall frå 2950 i 1994 til 0 i 2006. Sidan 2007 har målet for programmet vore overvaking og kontroll, og ein reknar Noreg for fritt for BVD. Kvart år blir meir enn 4000 blodprøver og ca. 1300 mjølkeprøver undersøkte for BVD.

Gå til overvakingsprogram

Tiltak

BVD er ein liste 2-sjukdom som ikkje let seg behandla. Einaste måten å bli kvitt sjukdommen på er å finna persistente virusutskiljarar ved blodprøver og fjerna desse dyra frå buskapen.

Utryddingsprogrammet som starta i 1992, var eit samarbeid mellom meieri-, kjøtbransjen, Geno, Statens dyrehelsetilsyn (nå Mattilsynet) og Veterinærinstituttet.

Populasjonen blir nå overvaka slik at nye tilfelle kan oppdagast raskt, før smitten kan spreia seg vidare. Dersom sjukdom blir påvist, blir buskapen bandlagt og restriksjonar i drifta pålagde.