Blåtunge

Blåtunge er ein virussjukdom hos drøvtyggarar og hjortedyr. Sjukdommen er ikkje påvist i Noreg etter 2009, og smittar ikkje til menneske.

Det er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om blåtunge skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til blåtunge er eit orbivirus, og det er påvist minst 24 variantar (serotypar) av viruset. Utbrot av blåtunge hos sau og storfe i Europa i dei siste åra har vore knytte til serotype 8.

Sjukdommen smittar ikkje direkte mellom dyr, men viruset blir overført frå dyr til dyr med blodsugande sviknott (slekta Culicoides). Sjukdommen oppstår i sesongar, med flest tilfelle om hausten.

Viruset overlever ikkje ute i naturen, men i den blodsugande sviknotten  og inntil ein månad i sau, og inntil to månader i storfe. Blod, sæd og avkom frå infiserte dyr kan innehalda virus.

Blåtunge råkar i fyrste rekke sau og storfe, men andre drøvtyggarar som geit, ville hjortedyr, kamel og lama kan bli smitta. Storfe viser i mindre grad kliniske symptom enn sau, men er det viktigaste reservoaret for virussmitte. Det er uklart om hjortedyr kan fungera som smittekjelde for husdyr.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

  • Storfe og sau

    Hos storfe og sau er inkubasjonstida 5-15 dagar. Deretter får dyra høg feber (40,5 - 41° C), misser matlysta og blir nedstemte. Ødem i hovudet og øyrer, betennelse og sår i munn- og naseslimhinner med sikling og naseflod, og augnebetennelse, er vanlege symptom ved blåtunge, spesielt hos sau. Drektige dyr kan abortera. I tillegg kan dyra bli halte på grunn av forfangenheit og betennelse i klauvranda. Hos kyr er det ofte observert utslett og sår på spenehud som er utsett for direkte sollys.

    Meir enn 30 % kan dauda i enkelte flokkar, men er vanlegvis er det langt færre dødsfall.

    Ved det siste utbrotet av blåtunge serotype 8 i Europa har det vore tydelegare symptom og eit alvorlegare sjukdomsbilete enn det ein har sett tidlegare.

  • Hjortedyr

    Sjølv om hjort, rådyr og elg kan bli smitta av blåtungevirus ser det ut til at dei ikkje utviklar sjukdom. I 2010 blei det teke prøver frå fleire hundre rådyr i Sør-Noreg utan at virus eller antistoff blei funne. Det er heller ikkje rapportert om sjukdomsutbrot hos hjortedyr i dei landa som blei råka av BTV-utbrotet i Europa, men antistoff mot viruset blei påvist.

    Podingsforsøk med blåtungevirus på hjort ga ingen eller milde symptom (lett feber, mild augnebetennelse og diare). Men dyra fekk viremi (virus i blodet) og utvikla antistoff mot viruset. Resultatet tyder på at hjort i lita grad utviklar sjukdom ved infeksjon med BTV-8.

    Sviknott som syg blod kan truleg få i seg viruset via hjortedyr og overføra det vidare.

  • Differensialdiagnosar

    Symptoma kan forvekslast med munn- og klauvsjuke, munnskurv (ectyma), fotråte, fotosensibilisering eller BVD.

    I tillegg til kliniske symptom byggjer diagnosen på påvising av virus (dyrking av virus, PCR-undersøking) og påvising av antistoff hos dyret (blokkerings-ELISA).

Førekomst

Blåtunge finst på alle kontinent. I Noreg blei blåtunge funnen hos storfe på Sørlandet i 2008, men er ikkje funnen etter 2009.

På slutten av 1990-talet blei blåtunge endemisk i ein del europeiske middelhavsland. I august 2006 blei sjukdommen første gang påvist i Nederland, og i dei neste to-tre åra var det omfattande utbrot av blåtunge serotype 8 i Nord-Europa. Utbrotet spreidde seg også til Noreg, og i februar 2009 blei det påvist smitte i fire storfebuskapar på Sørlandet. Smitten kom truleg med infisert sviknott ført med vinden frå Danmark hausten 2008.

Blåtunge er fortsatt endemisk i fleire land i Sør-Europa. Serotype 8 er endemisk i Frankrike, men hausten 2023 rapporterte Frankrike om ein ny variant av serotype 8 som sirkulerer og gir alvorlege symptom hos sau. Nederland har sidan utbrotet i 2006 gjenoppretta fristatus for blåtunge, men i september 2023 melde Nederland om eit nytt utbrot av blåtunge hos sau, forårsaka av serotype 3.

Overvaking

Det har vore eit overvakingsprogram for blåtunge hos drøvtyggarar sidan 2009. Tankmjølkprøver frå oktober og november (etter sviknottsesongen) frå buskapar i Sør-Noreg blir undersøkte for antistoff mot virus. Alle prøvene – bortsett frå prøver frå dei fire positive buskapane frå 2009 – har vore negative.

Gå til overvakingsprogram

Tiltak

Blåtunge er ein liste 1-sjukdom. Forebyggande tiltak er vanskelege å gjennomføra då smitten er overført med vektorar. I sviknottsesongen blir det tilrådd å setja dyra inn og bruka insekticid i målretta og avgrensa omfang.

Sjuke dyr blir berre slakta ned av dyrevernmessige grunnar.

Ein inaktivert vaksine blei utvikla mot blåtunge serotype 8 i 2008, og mange land med smitte gjennomførte store vaksinasjonskampanjar. Noreg valde å ikkje vaksinera mot blåtunge. Trass i omfattande overvaking er blåtungesmitte ikkje påvist i Noreg sidan 2009.

Sjå brosjyre med bilete av sjukdomsteikn for blåtunge på storfe og småfe