Babesiose

Babesiose er ein flåttboren parasittsjukdom som er sjeldan i Noreg.

Babesiose, også kalla piroplasmose, ser ein hos storfe og av og til hund i Noreg. Menneske kan også bli smitta av sjukdommen. 

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til sjukdommen er ein eincella parasitt, Babesia. Parasitten har ein livssyklus der han lever i ein mellomvert (flått) og ein hovudvert (varmblodig dyr).Sjukdomsfrekvensen hos varmblodige dyr er høgast i dei periodane der flåtten er mest aktiv (mai/juni og september).

Flåtten blir smitta ved å suga blod frå eit infisert varmblodig dyr, og den kjønna formeiringa skjer i hoflåtten. Parasitten invaderer flåttegg via eggstokken. Flåtten utviklar seg frå egg via larve og nymfe til vaksen flått i løpet av 3-4 år. Ein gong i kvar av dei tre hovudstadia syg den blod, slik at larver og nymfer også er i stand til å smitta dyr med babesiar.  Dermed kan flåtten vera infisert med parasittar i fleire år utan å vera i kontakt med varmblodige dyr.

Den ukjønna formeiringa skjer når ein infisert flått syg blod frå eit varmblodig dyr. Då blir babesiar skilde ut frå flåtten sine spyttkjertlar og kjem etter kvart over i dyret sine blodbanar, der dei trengjer inn i dei raude blodcellene og formeirar seg der. Etter kvart øydelegg parasittane dei infiserte blodcellene, blir sette fri i blodet og infiserer nye raude blodceller som i sin tur blir øydelagde.

Det finst mange ulike Babesia-artar, og dei kan infisera ulike artar av flått og dyr. I Noreg er skogflåtten (Ixodes ricinus) vanlegast. Det er eit avgrensa tal på Babesia-artar ein kan finna i denne flåtten. Den vanlegaste er Babesia divergens, men B. venatorum er blitt påvist hos flått på Sørlandet.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Storfe
Kalvar blir sjeldan klinisk sjuke, mens vaksne dyr kan bli hardt råka ved fyrste gangs infeksjon. Etter ei inkubasjonstid på ca. 1 veke får dei høg feber (40-41° C) i 2-3 dagar. Urinen blir kaffefarga pga. at hemoglobin frå øydelagde raude blodceller blir skild ut gjennom nyrene. Dyra misser matlysta, formageaktiviteten stoppar opp, mjølkeproduksjonen minkar raskt og dyra får diare. Dei blir anemiske med bleike slimhinner og kan dauda etter kort tid. Diagnosen kan stillast på grunnlag av kliniske symptom og ved mikroskopi av blodutstryk.

Hund
Babesiose kan vera årsak til sjukdom hos hund, med symptom som liknar dei ein ser hos storfe. Sjukdommen kan påvisast på grunnlag av kliniske symptom, og spesielt ved raudfarga urin. Parasittane kan påvisast ved mikroskopi av blodutstryk og ved real-time PCR. Babesia kan artsidentifiserast ved hjelp av PCR og sekvensering av DNA.

Menneske kan smittast med Babesia spp. Les meir om babesiose hos menneske hos Folkehelseinstituttet

Førekomst

Babesiose, også kalla piroplasmose, finst av og til hos storfe og hund i Noreg. Enkelte Babesia artar kan vera zoonotiske.

I seinare tid er det påvist Babesia canis hos hund i Noreg. Oftast er det snakk om dyr som har vore ute og reist, fått flåttbit i utlandet og som blir sjuke når dei kjem tilbake til Noreg, men det er nokre få hundar som har fått sjukdommen i Noreg. Babesia canis trivst best i andre flåttartar enn Ixodes ricinus, slik som hundeflått, og det er usikkert om denne varianten finst naturleg i Noreg.

Tiltak

I område der storfe har kontakt med babesiose-infisert flått i beitesesongen, er som regel ikkje babesiose noko problem då dyra held oppe ein immunstatus mot babesiene. Det er ved innkjøp av dyr til infiserte område eller ved ungdyr utan immunitet som blir sleppt på beite, at ein kan få utbrot.

Hunder som blir sjuke etter utanlandsbesøk eller blir bite av hundeflått eller husflått, bør det takast blodprøve av for å undersøkja for Babesia spp. ved utstryk eller PCR.