Amøbegjellesjukdom

Amøbegjellesjukdom aukar i Noreg, både i tal på påvisingar og i geografisk spreiing. 

Amøbegjellesjukdom- eller amoebic gill disease (AGD) – blei første gong påvist hos norsk oppdrettslaks i 2006 og har sidan 2012 vore årsak til betydelege tap.

Smittestoff og smittevegar

AGD skuldast den parasittiske amøben Paramoeba peruans (tidlegare Neoparamoeba peruans).

Amøben har både parasittiske og frittlevande stadia, og kan overleva i sediment og i utstyr i tilknyting til fiskeproduksjon. Flytestadia av amøbane kan leva i mange dagar, og desse kan truleg bidra til at amøbane spreier seg over lange avstandar. Andre  årsaker til spreiing er flytting av infisert fisk og utstyr, eller vandrande infisert fisk eller andre smittebærande organismar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Fisk med AGD har respirasjonsvanskar, dårleg matlyst, ofte redusert symjeaktivitet og har trege fluktreaksjonar.

Patologiske funn er avgrensa til gjellene, og ein kan sjå kvite, slimete område. Slike område kan også ha andre årsaker. Når AGD førekjem åleine, er dei respiratoriske einingane i gjellene vaksne saman. Gjellene har auka slimcelleaktivitet, og ein kan sjå til dels store mengder amøbar på overflata av det irriterte vevet.

Amøbar på gjellene kan påvisast i ferske utstryk undersøkte i mikroskop, eller ved hjelå av PCR. Ein sikker AGD-diagnose kan stillast ved histologi.

Førekomst

I Noreg blei  AGD første gong påvist i 2006 og deretter igjen i 2012, og er sidan påvist kvart år. Sjukdommen finst i dag frå Agder-fylka og nord til Nord-Trøndelag, og kan vera årsak til betydelege tap. Fisk kan bli råka i heile sjøfasen, men smolten første haust i sjøen er særleg utsett. Utbrota er ofte langvarige.

Internasjonalt er dei viktigaste risikofaktorane for AGD-utbrot rekna for å vera høg salinitet (>32 ppt) og relativt høg temperatur i sjøvatnet. Dei same risikofaktorane ser ut til å vera viktigast også i Noreg, men her ser ein AGD  også ved salinitet ned mot 28 ppt, og det kan koma utbrot ved vasstemperaturar heilt ned mot 5-6 ° C.

AGD har ført til store tap for lakseoppdrett i Tasmania sidan midten av 1980-talet. I 2011 og 2012 var AGD blant dei sjukdommane som førde til størst tap for lakseoppdrettet i Irland og Skottland. Orknøyane, Shetland, Australia og Nord-Amerika har også problem med AGD.

Overvaking

AGD er ikkje ein listeført sjukdom, og det er inga aktiv overvaking av denne sjukdommen i Noreg.

Det er grunn til å tru at fiskehelsetenester eller oppdrettarane sjølve stiller diagnosen AGD utan at prøver blir sende inn til Veterinærinstituttet eller andre laboratorier. Det er også sannsynleg at ulike laboratorier påviser amøbar ved PCR i oppdrettsanlegg der AGD av ulike årsaker ikkje utviklar seg.

Talet på AGD-utbrot registrert ved Veterinærinstituttet må difor reknast som eit minimumstal. I 2013-2015 er det årleg blitt påvist AGD på 50 – 70 lokalitetar, dei aller fleste med laks.

Tiltak

Ein kjenner ikkje spesielle tiltak som kan hindra AGD, men godt miljø og helsemessig robust fisk vil generelt kunna redusera sjukdomsproblem.

Ein diagnose tidleg i sjukdommen er viktig for å avgrensa konsekvensane av AGD. Gjeller bør difor sjekkast regelmessig for kvite flekkar, og gjelleslim mikroskoperast direkte for å sjå etter amøbar.

Den mest effektive behandlinga er ferskvatn. Hydrogenperoksid har også god effekt.