Afrikansk hestepest

Afrikansk hestepest (African horse sickness) er ein alvorleg virussjukdom som blir overført med insekt. Menneske blir ikkje smitta. 

Sjukdommen gjev kliniske symptom særleg frå luftvegane og sirkulasjonssystemet, oftast med dødeleg utfall. Sjukdommen finst også i ei mild form, først og fremst i endemiske område.

Afrikansk hestepest er ein liste 1-sjukdom. Mistanke om afrikansk hestepest skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til afrikansk hestepest er eit dobbeltstrenga RNA-virus i gruppa orbivirus i familien Rheoviridae . Viruset er i nær slekt med blåtunge-virus hos drøvtyggjarar. Det finst 9 serotypar av viruset (1-9), og gjennomgått infeksjon med ein serotype beskyttar ikkje mot andre serotypar.

Sjukdommen smittar ikkje ved direkte kontakt mellom hestar, men blir overført med blodsugande sviknott (Culicoides), mellom anna med Culicoides imicola, som også finst i Noreg. Kanskje kan også mygg og fluger overføra smitte, men desse betyr mindre for smittespreiinga.

Hestar og muldyr er svært mottakelege, esel i mindre grad. Sebra blir rekna som reservoar-art. Elefantar, nashorn og dromedarar i endemiske område er ofte seropositive, men ein trur ikkje at desse artane betyr noko epidemiologisk. Hundar kan smittast ved å eta infisert hestekjøt.

Sjukdommen kan spreiast til nye område med transport av infiserte hestar. Vind kan spreia virus over store avstandar med infiserte insekt.

Virus kan inaktiverast ved koking, pH over 12 eller under 6, og av vanlege desinfeksjonsmiddel som formalin og Virkon S.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Afrikansk hestepest er ein sjukdom som er svært dødelig, spesielt når den opptrer utanfor det vanlege utbreiingsområdet. Til vanleg går det 4-9 dagar frå hesten blir smitta til ein ser symptom på sjukdom, men inkubasjonstida kan vera opptil 40 dagar. Ein sjuk hest kan ha matlyst, noko som er sjeldan ved andre alvorlege infeksjonar.

Sjukdommen kan ha fleire kliniske former, men feber, pustevanskar og anstrengt hjartefunksjon er vanleg ved alle former.

  • Lungeform

    Dette er ei perakutt form som nesten alltid er dødeleg. Ein ser denne forma når mottakelege hestar blir infiserte med svært virulente virusstammer. Symptoma er høg feber, konjunktivitt, hoste, tung pust og store mengder skummande naseflod. Dyret kollapsar som regel og døyr i løpet av 4-24 timar.

  • Hjarteform

    Denne forma er subakutt. Inkubasjonstida er lengre og sjukdommen varer lengre enn for lungeforma. Dyret har feber (39-40° C) i 3-4 dagar, og kliniske symptom viser seg mot slutten av feberperioden. Karakteristisk teikn er ødematøs oppsvulming av fossa supraorbitalis. Det kan også oppstå ødem i augnelok, lepper og tunge, hals og bryst. Matlysta er ofte lite påverka, og vanlegvis døyr om lag 50 % av dyra.

  • Blanda form

    Denne forma viser seg ved kliniske symptom som liknar på hjarteforma, men som brått går over i akutte hosteanfall, med store mengder skummande væske frå nasebora, og kollaps. 70-80 % av dyra døyr vanlegvis i løpet av 3-6 dagar.

  • Mild form (horse sickness fever)

    Den milde forma har moderate symptom og kan vera subklinisk. Til vanleg blir sjuke dyr raskt friske.

Differensialdiagnoser
Miltbrann, infeksiøs anemi (EIA), virusarteritt (EVA), babesiose, purpura haemorrhagia, forgifting, allergiar og heteslag er moglege differensialdiagnosar.

Diagnostikk
Ved obduksjon kan dei makroskopiske endringane ved afrikansk hestepest variera mykje. I perakutte tilfelle kan endringane vera få og små.

Lungeforma viser seg ved utbreidde ødem i lungene. Ved hjarteforma finn ein gelatinøs infiltrasjon i subkutant og intramuskulært vev, særleg i hovud og svelg. Nokre gonger finn ein dette også i bukhole og frambein. Dei mikroskopiske endringane er likevel ikkje spesifikke.

Virus kan lettast isolerast frå blodet ved å ta ut prøvar tidleg i feberstadiet. Det beste prøvemateriale er blod i prøverøyr med EDTA eller heparin. Prøvene skal sendast nedkjølte. Virus kan også isolerast frå milt, lungevev og lymfeknutar tekne frå dyr som nettopp har døydd. Prøvane skal sendast nedkjølte, ikkje frosne. Virus kan identifiserast og typebestemmast med ulike metodar (ELISA, virus nøytralisasjonstest, PCR).

Hos hestar som overlever sjukdommen kan antistoff påvisast i serum ved parprøver. Den fyrste prøven skal takast i den akutte fasen, den andre 3 veker seinare (blodprøverøyr utan tilsetting).

Førekomst

Afrikansk hestepest har aldri vore påvist i Noreg

Afrikansk hestepest finst endemisk i alle delar av Afrika sør for Sahara og i Jemen, men kliniske tilfelle kan opptre i desse regionane på innførte hestar som er mottakelege for infeksjonen. Sjukdommen kan også spreiast til nye område med infiserte hestar og har vore påvist i Spania og Portugal.

Tiltak

Afrikansk hestepest er ein liste 1-sjukdom. Hesten skal haldast isolert, og ein må hindra at hesten blir stukken av mygg og knott så lenge ein har mistanke om smitte.

I endemiske område brukar ein vaksinering, transportrestriksjonar og tiltak mot insekt for å førebyggja og kontrollera sjukdommen.