Mindre matsvinn med vitenbasert datomerking 

Denne saken er eldre enn to år

Forskarar ved Veterinærinstituttet har utvikla verktøy som bereknar haldbarheit meir presist og kan gje maten eit lengre hylleliv. I ein artikkel på Forskning.no kjem fram at mykje mat blir merka med feil lagringstid.

Mange vegrar seg for å ete mat som er gått ut på dato i frykt for å bli sjuk og kastar konsekvent maten eller lat vera å kjøpe han dersom han har for kort haldbarheitsdato. Dette resulterer i at enorme mengder mat vert kasta kvart år, både av matprodusentane, daglegvarehandelen og forbrukarane. 

Ifølge matsvinn.no kastar nordmenn totalt mat tilsvarande vekta av heile Noregs befolk­ning – over 350 000 tonn. Det er fleire årsaker til dette, men noko skuldast mat som har gått ut på dato.

Her kan du lese hele artikkelen fra Forskning.no

Del artikkel