Gleder seg over statsbudsjettet

Antibiotikaresistens og skrantesjuka CWD er satsingar øyremerka til Veterinærinstituttet i framlegget til statsbudsjett for komande år. Løyvingane frå Landbruks- og matdepartementet aukar difor med vel tre og ein halv million, medan løyvinga frå Nærings- og fiskeridepartementet blir som i år.

-Antibiotikaresistens og CWD er gledeleg for oss. Veterinærinstituttet har jobba veldig lenge med sterk fokus på antibiotikaresistens blant dyr. Her er Noreg verkeleg eit fyrtårn internasjonalt gjennom forsking frå Veterinærinstituttet, tiltak frå forvaltninga og med det gode samarbeid med næringa. Vi er glad for den anerkjenninga regjeringa no gir vårt arbeid, noko vi skal vidareføre med denne løyvinga, sa adm. dir. Merete Hofshagen under Landbruks- og matdepartementet sin presentasjon av statsbudsjettet på Adamstuen i dag.

Ros

Under presentasjonen fekk Veterinærinstituttet ros for korleis ein har handtert analysane av CWD. Statssekretær Terje Handeland fortalde at norske styremakter har fått stor ros i EU-Kommisjonen for si handtering etter at sjukdomen blei oppdaga av Veterinærinstituttet i vår. Han minna om at sjukdomen kan få konsekvensar for internasjonal handel ettersom EU har brukt utbrudd i Nord-Amerika som grunnlag for handelsrestriksjonar tidlegare.

-CWD er ein ny og stor oppgåve som det jobbast utruleg godt med om dagen i Mattilsynet og Veterinærinstituttet i samspel med miljøforvaltninga og jegarar, sa statssekretæren. Han minna om at CWD er ein prionsjukdom i same familie som skrapesjuke og kugalskap. Det er viktig å få auka kunnskap om spreiing og utbreiing av sjukdomen. Mattilsynet får fem millionar til kartlegginga medan instituttet får to millionar til forsking.

- Det er imponerande at det tas unna opp mot eit tusen prøvar kvar dag på Veterinærinstituttet no om dagen. At ein med so høge prøvetal klarer å halde seg innafor den avtalte analysetida slik at jegarar kan ta ut slaktet sitt utan tap, er veldig bra, sa ekspedisjonssjef Gunnar Hagen.

-Eg er veldig glad for at Gunnar Hagen kommenterte den imponerande innsatsen våre tilsette på Veterinærinstituttet syner om dagen for å handtere alle hjerneprøvane frå vilt, svara Hofshagen.

MRSA, fiskehelse og pels

Ekspedisjonssjef Gunnar Hagen nemnde òg kor viktig den ambisiøse og vellukka strategien for å unngå LA-MRSA frå svin som ei fare for folkehelsa. Han viste til den vanskelege situasjonen i Danmark der resistente bakterier frå svin er blitt ei stor kjelde til antibiotikaresistens mellom mennesker. Det er bra so ikkje har skjedd i Noreg.

Han nemnde og at Mattilsynet vil få ei gebyrfinansiert satsing på fiskehelse med 12,5 millionar kroner retta mot lakselus. Nærings- og fiskeridepartementet har ei tilsvarande ordning på sitt budsjett. Vidare varsla Hagen at regjeringa vil følgje opp tilrådingane frå Pelsdyrutvalet i ei eiga stortingsmelding komande år.

Ekspedisjonssjef Frøydis Wold sa at departementet kjem godt ut på oversikt over arbeidsplassar i underliggande etatar som er plassert utanfor Oslo. I dag gjeld det 70 prosent, noko som vil stige til  80 prosent når Veterinærinstittutet flyttar til Ås. Her tek vi oss skikkeleg godt ut, sa ho.

Det er mykje pluss og minus bak tala i budsjettet. Til fråtrekk i løyvingane kjem eit effektiviseringspålegg på -0,5 prosent og eit pålegg om å bruke digitalpost og slik redusere portokostnadar.

Framlegget har ei samla løyving til Veterinærinstituttet på 95, 9 millionar frå LMD mot 92,3 i fjor. NFD gjer framlegg om løyving på 56,8 millionar mot 56,4 i fjor.

Del artikkel