Fakta om blåtunge hos hjortedyr
To rådyr. Foto: Knut Madslien
Hjortedyr (ville og oppdretta) kan smittast av blåtungevirus (BTV), men det er ikkje rapportert om sjukdomsutbrot hjå slike dyr frå land i Europa som har vore ramma av BTV. Det er usikkert om hjortedyr kan fungera som ei smittekjelde for husdyr, men hjå hjort er det vist at viruset kan finnast nokre dagar i dyret etter smitte, og i denne perioden kan virus truleg overførast til sviknott som syg blod.
Les meir om blåtunge i Veterinærinstituttet sitt faktaark
Kan hjortedyr smittast av blåtungevirus?
Hjort, rådyr og elg kan smittast av blåtungevirus (BTV). Dei utviklar antistoff mot viruset som kan påvisast ved serologiske testing. Granskingar av viltlevande hjortedyr dei siste åra har påvist antistoff mot BTV hjå hjort og rådyr i Tyskland og Spania, og hjå hjort i Belgia, men andelen positive dyr har vore låg. Det vart påvist ein auke i prosent seropositive hjort frå 2006 til 2007 både i Belgia og Spania, altså i same periode som det var eit aukande omfang av blåtunge hjå husdyr i desse landa.
I Sverige vart det ikkje påvist seropositive elg, rådyr og hjort som var samla inn under jakt frå område der blåtunge var påvist på husdyr hausten 2008.
Blir hjortedyr sjuke av infeksjon med blåtunge?
Kunnskap ein har så langt tyder på at hjort, rådyr og elg, kan smittast av blåtungevirus, men at dei i liten grad utviklar sjukdom. Det er ikkje rapportert om sjukdomsutbrot hjå hjortedyr i dei landa som har vore ramma av BTV-8 utbrotet i Europa, men enkelte hjort har hatt milde teikn på sjukdom. Podingsforsøk med blåtungevirus som er utført på hjort gav ingen eller milde sjukdomsteikn (lett feber, mild augebetennelse og diare). Dyra fekk viremi (virus i blodet) og utvikla antistoff mot viruset. Resultatet tyder på hjort i liten grad utviklar alvorleg sjukdom ved infeksjon med BTV.
Kan hjortedyr fungera som ei smittekjelde?
Førebels har ein for lite kunnskap til å svara på om hjortevilt kan vera ei smittekjelde for blåtungevirus. Hjå hjort er det vist eksperimentelt at infeksjonen kan gi viremi i ein periode frå 2. til10. dag etter at dyret er smitta, og sviknott som syg blod frå ein slik hjort kan truleg få i seg viruset, og eventuelt overføra det til nye dyr.
Oppsummering blåtunge hjortevilt
Med dagens kunnskap er det lite som tyder på at eit blåtungeutbrot hjå husdyr her i landet vil få store sjukdomsmessige konsekvensar for viltlevande elg, hjort og rådyr. Dersom utbrotet er omfattande, er det ein risiko for at hjortedyr kan bli smitta og utvikla antistoff mot sjukdommen. Om slike dyr eventuelt vil kunna fungera som ei smittekjelde for husdyr er førebels usikkert.
Kontaktperson Veterinærinærinstituttet:
Turid Vikøren, forsker, seksjon for vilthelse
Tlf.: 23 21 63 51
E-post: turid.vikoren@vetinst.no