Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt (HOP)
Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt (HOP) skaffar oversikt over og kunnskap om helsetilstanden i norske stammer av hjortevilt og moskus til nytte for viltforvaltinga og veterinærstyresmaktene. Kunnskapen skal medverka til optimal bestandsforvalting, god sjukdomsberedskap og dokumentasjon av helsestatus.
Programmet omfattar kartlegging og overvaking av sjukdommar hjå elg, hjort, rådyr, villrein og moskus. HOP skal søka å påvisa årsak til sjukdom hjå enkeltindivid og fanga opp auka førekomst av sjukdom eller død i lokale stammer. HOP skal òg arbeida med problemstillingar knytt til overføring av smittsame sjukdommar mellom hjortevilt/moskus og husdyr, og granska tydinga av hjortevilt som reservoar for infeksjonar som kan overførast til menneske (zoonosar).
HOP vert leia av ei styringsgruppe med representantar frå Direktoratet for naturforvaltning (DN), Mattilsynet, Norsk institutt for naturforskning (NINA) og Veterinærinstituttet. Drifta av HOP vert leia og koordinert av HOP-sekretariatet som er lokalisert ved Seksjon for vilthelse, Veterinærinstituttet, Oslo.
HOP vart sett i gang som eit permanent program i 2001 etter ein prøveperiode i 1998-99. Ein viktig aktivitet, som vart nedlagd i 2007, var den kvartalsvise sjukdomsrapporteringa frå eit utval av kommunane her i landet (HOP-kommunane). Årsaka til at denne vart innstilt, var at rapporteringa varierte svært mykje frå kommune til kommune, slik at talmaterialet vart usikkert.
HOP er per dags dato bygd opp rundt tre hovudaktivitetar som omfattar hele landet:
1) Sjukdomsdiagnostikk på innsendt materiale
2) Systematiske innsamlingar og undersøkingar av blodprøvar og vevsmateriale
3) Forsking
1) Sjukdomsdiagnostikk på innsendt materiale
Det er viktig at den kommunale viltforvaltinga og evt. andre tek kontakt med HOP-sekretariatet (tlf. 23216353) når det vert observert sjuke eller døde hjortedyr. Dette er av særlig stor tyding når det er mistanke om alvorleg smittsam sjukdom. I slike tilfelle bør Mattilsynet (tlf. 06040) og/eller HOP- sekretariatet kontaktast, slik at eventuelle smittsame sjukdommar vert diagnostisert så tidleg som mogeleg. Dette krev at aktuelle avliva / døde dyr vert undersøkt av veterinær i felt eller sendt inn for laboratorieundersøking.
Veterinærinstituttet undersøker prøvemateriale (kadaver, organ, mm.) av viltlevande hjortedyr frå heile landet og moskus frå Dovre for å påvisa årsak til sjukdom. Obduksjon vert utført av Veterinærinstituttet både i Oslo, Sandnes, Bergen, Trondheim, Harstad og Tromsø. Kostnadene ved obduksjonen og laboratorieundersøkingane vert dekka av Veterinærinstituttet, mens fraktkostnader må dekkast av innsendar. Det er vår erfaring at innsending av heilt kadaver gir klart best grunnlag for å stilla ein korrekt diagnose, så vi vil oppfordra til at dette vert gjort så sant det er mogeleg.
2) Systematiske innsamlingar og undersøkingar av blodprøvar og vevsmateriale
I regi av HOP blir det gjennomført systematiske innsamlingar av blod- og organprøvar, først og fremst i samband med jakta. Frå moskus på Dovre vert det samla inn slike prøvar av dyr som blir funne døde eller som blir avliva. Alt hjortevilt som DN har gitt løyve til å immobilisera, skal det takast blodprøvar (serum) av. Disse skal sendes inn til HOP, der det er etablert ein bank for lagring av slike prøvar. Banken inneheld allereie fleire tusen prøvar. Prøvane kan brukast for å kartleggja utbreiinga av sjukdommar, m.a. førekomsten av ulike infeksjonar, og endringar i disse sett i samanheng med andre endringar i naturen.
3) Forsking
Forskingsinnsatsen i regi av HOP omfattar mange ulike problemstillingar knytt til infeksjonar, parasittar (snyltarar), forgiftingar og ernæring. Nærmare omtale av denne verksemda kan finnast i HOP årsrapportane og under Publiseringar (under Forsking).
HOP-banken
HOP-banken er ein nasjonal blod-, serum- og vevsbank for hjortedyr og moskus som er lokalisert ved Seksjon for vilthelse, Veterinærinstituttet Oslo.
DNA-banken for oppdrettshjort
DN har oppretta ein DNA-bank for oppdrettshjort. Banken er lagt til HOP-sekretariatet ved Seksjon for vilthelse, Veterinærinstituttet Oslo. Prøvar (EDTA-blod) skal takast frå hjort som blir fanga inn og sett i oppdrett, og frå hjort som allereie står i oppdrett, dersom det skal takast prøve av dei av andre årsaker.
Informasjon og ressursar
· HOP årsrapportar
· HOP Samleskjema DNA- og serumprøvar (doc)
· HOP Samleskjema DNA- og serumsprøvar (pdf)