Logo, Veterinærinstituttet
Facebook

Ny parasitt skildra

06.03.2009 16:49

Anders Jørgensen har gjennom doktorgradsarbeidet sitt skildra ein ny parasitt frå slekta Spironucleus. Parasitten rammar fisk i oppdrett og kan gi alvorleg sjukdom.

Parasittar frå slekta Spironucleus er kjent for å gi alvorleg sjukdom hos oppdrettsfisk og akvariefisk. Hos oppdrettslaks har ein funne slike parasittar i illeluktande, pussfylte byllar i muskulatur og indre organ. Etter at ein såg dei fyrste utbrota av denne sjukdomen hos oppdrettslaks seint på 80-talet, har ein trutt at årsaka har vore Spironucleus barkhanus som er ein ganske vanleg parasitt i tarmsystemet til vill harr og røye. Hos desse fiskeartane er parasitten tilsynelatande ikkje noko problem.

Jørgensen har i sitt doktorgradsarbeid gjennomført genetiske undersøkingar som viser at parasitten som gir sjukdom hos oppdrettslaks, genetisk er svært ulik den varianten ein finn i vill laksefisk, sjølv om dei ser identiske ut i elektronmikroskop. På bakgrunn av desse funna blei parasitten som gir sjukdom hos oppdrettslaks skildra som ein ny art - Spironucleus salmonicida.

Les heile nyhenda her

doktorgrad parasitt fiskesykdom

  • Print