Hjem / Nyheter / Skrapesjuke Nor98 i Sogn og Fjordane

Skrapesjuke Nor98 i Sogn og Fjordane

Sau på beite.

Skrapesjuke Nor98 er funne i Sogn og Fjordane.
Foto: Anne-Mette Kirkemo.

Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei sju år gammal søye av rasen norsk kvit sau i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.

Tilfellet som er påvist er av typen Nor98 som også vert kalla atypisk skrapesjuke. Søya hadde vore ustø sidan utslepp i vår og vart avliva i haust. Det er 21 vaksne dyr og 22 lam i flokken.

Om småfe som døyr brått eller vert avliva på grunn av sjukdom eller skade er eldre enn 18 måneder, skal dei undersøkast for skrapesjuke som eit ledd i overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit. Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieundersøkingane i overvakingsprogrammet på oppdrag frå Mattilsynet.

Faktaark om Skrapesjuke Nor98

Kontaktpersonar i Veterinærinstituttet:
Forskar Sylvie Benestad, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 23
E-post: sylvie.benestad@vetinst.no

Forskar Torfinn Moldal, seksjon for patologi
Telefon: 23 21 64 25
E-post: torfinn.moldal@vetinst.no

sau skrapesjuke Nor98