Hjem / Faktabank / Alle faktaark / Vondarta katarrfeber
20.09.2011 15:31
Vondarta katarrfeber er ein alvorleg virussjukdom som av og til førekjem hjå hjortedyr her i landet. Sjukdommen skuldast eit herpesvirus som sau og geit er berarar av. Infeksjonen gir høg feber og betennelse i ulike vev i kroppen, og endar som oftast med døden. Vondarta katarrfeber-virus smittar ikkje til menneske.
Introduksjon
Vondarta katarrfeber er ein alvorleg virussjukdom som rammar hjortedyr (elg, rådyr, hjort, rein), storfe og gris her i landet. Den skuldast ulike herpesvirus (vondarta katarrfeber-virus) som førekjem hjå sau og geit. Småfe vert ikkje sjuke, men fungerar som friske smitteberarar til andre og meir mottakelege dyreartar (t.d. hjortedyr). Ein kjenner lite til korleis smitteoverføringa skjer. Viruset synest ikkje å smitta direkte frå hjortedyr til hjortedyr.
Hjå viltlevande hjortedyr ser ein vanlegvis berre enkelttilfelle, men i dyreparkar, hjorteoppdrett og andre stader der hjortedyr har kontakt med småfe, kan ein sjå mindre sjukdomsutbrot. Her i landet har vi hatt sjukdomsutbrot hjå rein som har vore oppstalla i sauefjøs i samband med fôringsforsøk.
For hjortedyr er sjukdommen alvorleg, og vi reknar med at dei fleste døyr av infeksjonen. Viruset infiserar kvite blodceller og gir betennelse i blodkar og slimhinner. Dyra får høg feber, redusert allmenntilstand og unormal oppførsel. Dei kan utvikla betennelse i hjerne, auge, fordøyingskanal og luftvegar. Sjukdommen kan truleg ha både ei akutt og ei meir kronisk utvikling.
Forsking ved Veterinærinstituttet har vist at dei fleste hjortedyra som døyr av sjukdommen, er smitta med det saue-assosierte viruset, mens eit mindretal er smitta med det geite-assosierte viruset. Det finst ingen behandling mot vondarta katarrfeber. Dersom ein har mistanke om at eit hjortedyr lir av denne sjukdommen bør det avlivast av dyrevernomsyn.
Biletet viser augebetennelse hjå ein elg med vondarta katarrfeber. Det er rikeleg med verk (puss) og hornhinna er blakka i ytterkant.
Diagnostikk
Diagnosen er basert på karakteristiske vevsendringar i hjernen og påvising (PCR) av viruset i dyra sine organ.
Kva gjer Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet utfører obduksjon og virusgranskingar av hjortedyr der det er mistanke om vondarta katarrfeber.
Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet:
Turid Vikøren