Hjem / Faktabank / Alle faktaark / Haustsjuke
19.09.2011 18:12
Haustsjuke er ein sjukdom som først vart påvist hausten 2008. Av mangel på sjukdomsårsak og epidemisk førekomst om hausten, har tilstanden fått kallenamnet "haustsjuka". Symptomer er bl.a. at laksen får pusteproblem.
Hausten 2008 vart det påvist fleire sjukdomstilfelle på oppdrettslaks i sjø med kliniske- og histologiske fellestrekk. I alt blei det i 2008 påvist 25 tilfelle som var geografisk spreidd frå Rogaland til Møre og Romsdal. Tapsprosenten var variabel, men det ble registrert tapstal på opp mot 20%, i tillegg til tapt tilvekst.
Sjukdomsteikn og diagnose
Klinisk er respirasjonsproblem vanlig, og dominerande obduksjonsfunn er svulne og bleike gjeller, gulbrun lever, ascites og blodfylt og svullen milt og nyre. Fisken er som regel tom i mage-tarm. Mikroskopi av vevssnitt viser nekrotiske og seinare proliferative endringar i gjeller som kan minne om dei ein ser ved proliferativ gjellebetennelse. I tillegg til gjelleendringane erdet betennelse i bukhole / indre organ og teikn til auka blodnedbryting.
Fig 1. Histologiske funn i fisk med haustsjuke. A. Nyre, skade på filtrerende element (1) blødning (2) B Gjeller, løfting av gjelleepitel (3) og celleinfiltrasjon (4). Foto Anne Berit Olsen
Manglar sjukdomsårsak
Undersøking av sjuk fisk med omsyn på infeksjon med bakteriar og kjende virus har gitt negative resultat. Av mangel på sjukdomsårsak og epidemisk førekomst om hausten, har tilstanden fått kallenamnet "haustsjuke".
Infiserert gjennom parasitt
Seinare er det vist at ein mikrosporidie som tidligare er kjent frå lakselus, infiserer laks med "haustsjuke". Namnet Paranuclespora theridion er foreslått for denne parasitten som, når den førekjem i store mengder i laks, truleg er viktig for sjukdomsutviklinga ved "haustsjuke". Det er imidlertid framleis mykje uavklart mht kva som disponerar for, eller utløyser sjukdomsproblema vi assosierar med "haustsjuke". Det er vidare som alltid naudsynt med ei avgrensing mot andre, samtidig førekomande sjukdommar i dei store oppdrettspopulasjonane. Basert på histologiske endringar i samband med sjukdommen framstår "haustsjuke" som ein sjølvstendig diagnose adskildt frå sjukdommar som kardiomyopati (CMS), hjarteskjelettmuskelbetennelse (HSMB) og pankreassjukdom (PD).
"Haustsjuke" er også påvist i innsendingar frå hausten 2009. Tidspunktet for første påvising i 2009 var tilnærma identisk med tidspunkt for første innsending frå 2008.
Veterinærinstituttet har etablert ulike metodar for å påvise parasitten, og dei vil bli brukt i den generelle sjukdomsutredning dersom det er mistanke om "haustsjuke". Ved slik mistanke fikserer ein vanlig organsett på formalin, pluss prøver frå gjelle, hjerte og nyre på RNAlater.
FisFig 2 Samme gjelle farget med hhv standard farge (til venstre) og spesialmerking for parasitt-sporer (til høyre) – sporer er lysende blå mot mørk blå bakgrunn. Foto: Ole Bendik Dale
Sporer er lysende blå
mot mørk blå bakgrunn.
Foto: Ole Bendik Dale
Kontaktpersoner Veterinærinstituttet:
Ole Bendik Dale