Hjem / Faktabank / Alle faktaark / Fibropapillomatose (elgvorter) hjå elg

Fibropapillomatose (elgvorter) hjå elg

Elg med elgvorter. Foto: Oddvar Holmstrand

Elg med elgvorter.
Foto: Oddvar Holmstrand

Fibropapillomatose (elgvorter) er ein relativt vanleg sjukdom hjå elg, særleg hjå unge dyr. Sjukdommen skuldast elgen sitt vortevirus. Smitta dyr utviklar vorteliknande knutar i huda. Lidinga er godarta, men kan gi avkrefting i alvorlege tilfelle. Elgvortevirus smittar ikkje til menneske eller andre dyr.

Fibropapillomatose (elgvorter) er ein relativt vanleg sjukdom hjå elg her i landet og opptrer som oftast hjå unge dyr. Sjukdommen skuldast eit virus som berre førekjem hjå elg (EEPV = European elk papilloma virus). Viruset smittar frå elg til elg og etablerar seg i huda via rifter og små sår. Smitta dyr utviklar vorteliknande knutar i huda.

Vortene førekjem enten enkeltvis, i grupper eller meir sjeldan spreidd utover heile kroppen (generalisert form). Dei er som oftast hårlause og av varierande storleik, med ei glatt (fibrom) til meir ruglete og vorteliknande (fibropapillom) overflate. Vortene kan vera dekka av brunsvarte skorper. Vanlegvis vil elgen utvikla motstandskraft (immunitet) mot viruset og etterkvart kvitta seg med vortene, men dette kan ta lang tid (månader og år).

Fibropapillomatose er normalt ei godarta liding, men ved den generaliserte forma kan elgen sin helsetilstand verta redusert og dyret kan døy i ein avkrefta tilstand. Slike dyr kan ha tilleggsinfeksjonar med sopp eller bakteriar i vortene.

Elgvortevirus smittar ikkje til menneske, og sjølv dyr med generalisert fibropapillomatose som vert felt under jakt, kan godkjennast som slakt dersom dyret er i godt hald og ikkje har andre teikn på sjukdom. Elg som har den generaliserte forma og er svært avmagra, bør avlivast av dyrevernomsyn og kasserast.

Biletet viser ein avmagra elg med utbreidd (generalisert) fibropapillomatose.
Foto: Oddvar Holmstrand

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Diagnostikk

Diagnosen vert stadfesta ved mikroskopisk påvising av karakteristiske vevsendringar i vortene.

 

Kva gjer Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet gjennomfører obduksjon og granskingar av materiale frå elg der det er mistanke om fibropapillomatose.

 

Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet:

Turid Vikøren, forskar, seksjon for vilthelse
Telefon: 23216351
E-post: turid.vikoren@vetinst.no

Kjell Handeland, forskar, seksjon for vilthelse
Telefon: 23216350
E-post: kjell.handeland@vetinst.no

elg vilthelse