Hjem / Faktabank / Alle faktaark / Blåtunge hjå hjortedyr

Fakta om: Blåtunge hjå hjortedyr

Hjort

Hjort, rådyr og elg kan smittast av blåtungeviruset.
Foto: Knut Madslien, Veterinærinstituttet

Blåtunge er ein virussjukdom som dei siste åra i aukande grad har ramma drøvtyggarar som sau og storfe i Europa. Sauen er mest mottakeleg, mens storfe er eit viktig smittereservoar. Også hjortedyr kan smittast med blåtungeviruset, men det er ikkje registrert alvorleg sjukdom hjå desse dyreartane i Europa. Det er også uklart om hjortedyr kan fungera som smittekjelde for husdyr.  

Smittestoff og smitteveier
Blåtungeviruset (BLV) opptrer i form av ulike variantar (serotypar). Utbrot av blåtunge hjå sau og storfe i Europa dei seinare åra har vore knytta til serotype 8. Også hjort, rådyr og elg kan smittast med dette viruset. Viruset overføres frå dyr til dyr med blodsugande sviknott. Menneske vert ikkje smitta med BLV.

Førekomst
Sidan 2006 har blåtunge hjå sau og storfe spreidd seg frå Middelhavsområdet til Midt- og Nord-Europa. I Norge vart blåtunge for fyrste gang påvist i eit fåtall storfebesetningar i Sør-Norge i 2009. Sjukdommen blei effektivt nedkjempa.  

I granskingar av viltlevande hjortedyr er det påvist antistoff mot BTV hjå hjort og rådyr i Tyskland, Spania, og Belgia, men andelen positive dyr har vore låg. Det vart påvist ein auke i prosent seropositive hjort frå 2006 til 2007 både i Belgia og Spania, det vil sei i same periode som det var eit aukande omfang av blåtunge hjå husdyr i desse landa.

I Sverige vart det ikkje påvist seropositive elg, rådyr og hjort i eit område der blåtunge vart påvist hjå husdyr hausten 2008. Det vart heller ikkje funne antistoff mot viruset i flere hundre rådyr som vart prøvetatt i Sør-Norge hausten 2010.  

Sjukdommen hjå dyr
 Blåtunge rammar fyrst og fremst sau og storfe. Storfe viser mindre grad av sjukdom samanlikna med sau, men utgjer det viktigaste smittereservoaret for viruset. Sjukdomssymptomer er høg feber, væskeansamling (ødem) i hoved og øyrer, betennelse i munn-, nase- og augeslimhinner, sikling og haltheit.

Sjølv om hjort, rådyr og elg kan smittast av blåtungevirus, synes dei i liten grad å utvikla sjukdom. Det er ikkje rapportert om sjukdomsutbrot hjå hjortedyr i dei landa som har vore ramma av BTV-8 utbrotet i Europa. Podingsforsøk med blåtungevirus som blei utført på hjort gav ingen eller milde sjukdomsteikn (lett feber, mild augebetennelse og diare). Dyra fekk viremi (virus i blodet) og utvikla antistoff mot viruset. Resultatet tyder på hjort i liten grad utviklar alvorleg sjukdom ved infeksjon med BTV-8.

Diagnostikk
Diagnostikken bygger på påvisning av virus (dyrking, PCR) i prøver frå sjuke/daude dyr, samt påvisning av antistoffer i blodet (blokking-ELISA).

Forebygging og kontroll
Blåtunge er ein meldepliktig gruppe-A sjukdom i Norge som overvåkast i eit eige overvåkingsprogram. Mattilsynet har utarbeida ein eigen nedkjempingsplan for denne sjukdomen hjå norske husdyr.

Førebels har ein for lite kunnskap til å svara på om hjortevilt kan vera ei smittekjelde for blåtungevirus. Hjå hjort er det vist eksperimentelt at infeksjonen kan gi viremi i ein periode frå 2. til 10. dag etter at dyret er smitta, og sviknott som syg blod frå ein slik hjort kan truleg få i seg viruset og eventuelt overføra det til nye dyr.

Med dagens kunnskap er det likevel lite som tyder på at eit blåtungeutbrot hjå husdyr her i landet vil få store sjukdomsmessige konsekvensar for viltlevande elg, hjort og rådyr. Dersom utbrotet er omfattande, kan hjortedyr verta smitta og utvikla antistoff. Om slike dyr eventuelt kan fungera som ei smittekjelde for husdyr er førebels usikkert.

Kva gjer Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet har et nasjonalt ansvar for sjukdomsoppklaring på alle viltlevende dyreartar. Ved eventuell mistanke om blåtunge på hjortedyr må det tas det kontakt med Veterinærinstituttet med tanke på innsending av prøvemateriale. Diagnosen stilles på grunnlag av viruspåvisning.  

Les meir om blåtunge hos sau og storfe i Veterinærinstituttet sitt faktaark

Oppdatert mars 2012/1510/KH  

blåtunge elg hjort hjortevilt rådyr vilt