Hjem / Faktabank / Alle faktaark / Aviær klamydiose/psittakose/papegøyesyke
19.09.2011 16:47
Navnet papegøyesjuke kom av at
selskapsfugl ofte var årsak til smitta.
Aviær klamydiose vert årsaka av ein bakterie kalla Chlamydophila psittaci (tidlegare kalla Chlamydia psittaci). Sjukdommen vart tidlegare kalla psittakose eller papegøyesjuke når den råka papegøyefuglar, og ornitose hos andre fugleartar.
Aviær klamydiose er ein zoonose, det vil si ein sjukdom som kan overførast frå dyr til menneske.
Infeksjon med Chlamydophila psittaci kan gje sjukdom hjå mange ulike fugleartar; villfugl, produksjonsfugl og selskapsfugl og også hjå ulike pattedyr m.a. småfe, storfe, gris og katt. Aviær klamydiose har ei global utbreiing. Ein stor del av selskapsfugl verda over er berarar av C. psittaci, men kor stor del av denne gruppa av fugl som ber smittestoffet her i landet, er ukjent. I Noreg blir det årleg rapportert nokre få tilfelle av aviær klamydiose.
Villfugl fungerer som eit reservoar for smittestoffet, og fuglar kan bere smitten utan å vise teikn på klinisk sjukdom. Faktorar som stress til dømes ved flytting eller fanging, kan utløyse sjukdom. Symptoma hjå fugl er ofte lite tydelege og kan variere frå lett diare, nedsett matlyst og lette symptom frå respirasjonssystemet til alvorleg sjukdom der luftvegane, hjartesekk, lever, bukhinna og milten kan vere medinndregne.
Ved utbrot i ein flokk, kan ein ha alle former representerte samstundes. Sjukdomsutviklinga avheng m.a. av smitteveg, fugleart, alder og kondisjonen til individet og kor aggressiv den aktuelle mikrobestammen er. Inkubasjonstida kan variere frå nokre veker til fleire månadar endatil opptil år, men samla sett kan ein seia at forventa inkubasjonstid er 5-20 dagar. Smitteutskiljing frå ein smitta fugl kan byrje før fuglen sjølv viser klinisk teikn på sjukdom.
Ein kan ikkje stille diagnosen berre ut frå dei kliniske symptoma, fordi fleire sjukdommar kan gje liknande sjukdomsteikn. Sjukdommen må difor påvisast i laboratoriet ved immunologisk testing av blod- og svaberprøvar, eller påvise typiske vevsendringar i daude fuglar eller dyr. Diagnosen vert stadfesta ved å påvise mikroben ved hjelp av immunologiske metodar direkte i vev.
Infiserte fuglar skil ut smittestoff i avføring, urin, spytt og eksudat frå auger og luftvegar. Smitta materiale i små vassdropar (areosol) og i støv og anna organisk material er smittekjelder. Fuglar støvar mykje, og mikroben kan spreiast mellom fuglane sjølv om dei er plasserte med god avstand frå kvarandre.
Bakteriane er relativt resistente m.a. mot tørke. Det er difor viktig å vaske og desinfisere hus og bur der sjukdommen har vore påvist. Vanlege desinfeksjonsmiddel med kvartære ammoniumsstoff, benzalkon eller formalin er effektive mot organismen, og gassing av fuglehus med formaldehyd kan nyttast med hell.
Bakterien er kjensleg for antibiotika, og sjuke dyr kan behandlast med antibiotika.
Handtering av aviær klamydiose
Ved mistanke om aviær klamydiose skal ein ta kontakt med distriktskontoret i Mattilsynet. Klamydieinfeksjonar hjå fugl og småfe er ein meldepliktig gruppe B-sjukdom i Noreg og internasjonalt, og Mattilsynet er ansvarleg for handtering av sjukdommen etter Matlova.
Kva gjer Veterinærinstituttet med omsyn til klamydiose?
Veterinærinstituttet gjennomfører laboratorieanalysar for klamydiose på innsendte prøver ved hjelp av serologisk testing av blod og histopatologiske undersøkingar av daude dyr og fuglar. Diagnosen vert stadfesta med spesielle immunologiske metodar direkte i sjukt vevsmateriale. Veterinærinstituttet arbeider med å etablere molekylærbiologiske metodar for å påvise genetisk materiale frå bakteriane i blod og vev.
Kontaktpersonar på Veterinærinstituttet:
Øyvor Kolbjørnsen
Sjå Folkehelseinstituttet si heimeside for opplysningar om sjukdom hos menneske